Quiz
Hint for hint veke 48
Kva delstat i USA?
5 POENG: Denne delstaten vart med i USA i 1803, den 17. i rekkja. Sju av presidentane vart fødde her. Det same gjeld kommande visepresident J.D. Vance. Delstaten gjev namn til ein ubåtklasse.
4 POENG: Han ligg i Midtvesten og vert òg rekna med til rustbeltet. Ei viktig austleg sideelv til Mississippi har same namn.
3 POENG: Majoriteten bur i byane. Dei største er hovudstaden Columbus, Cleveland og Cincinnati. Den sistnemnde ligg i nord ved Eriesjøen.
2 POENG: Han har berre éin konsonant i namnet, akkurat som Iowa.
1 POENG: Namnet vert ofte forkorta til O eller OH.
Kva personkarakteristikk?
5 POENG: Dette ordet viste eigentleg til folk frå ein del av Tsjekkia. Dagens tyding vart popularisert med ein roman frå 1851 av Henri Murger. Tittelen er Scènes de la vie de (…).
4 POENG: Romanen vart til ein vidgjeten opera. Vel så kjend er ei opprørsk rørsle i Noreg på slutten av 1800-talet.
3 POENG: Puccini-operaen har handling frå Paris. Sentrale namn i rørsla var Hans Jæger, Christian Krohg og Oda Krohg.
2 POENG: Ordet tyder ein person, særleg kunstnar, som lever eit ukonvensjonelt liv. Det kan òg vise til ein krins av slike personar.
1 POENG: Den opphavlege tydinga er «person frå Böhmen».
Kva dyr?
5 POENG: Dei fleste dyr med partenogenese («jomfrufødsel») er små og virvellause. Dette unntaket er eit 2–3 meter langt virveldyr på bortimot 100 kg, stundom meir. Mange turistar dreg til Rinca for å sjå arten.
4 POENG: Dyret kan springe 20 km/t og har eit særs giftig bit. Dessutan er den lange halen eit kraftig slagvåpen.
3 POENG: Dyret er verdas største i den aktuelle underordenen. Det lever vilt berre på Dei små Sundaøyane i Indonesia, særleg på Rinca og øya som gjev namn til arten.
2 POENG: Verdas største øgle startar på k og har ikkje «øgle» i namnet.
1 POENG: Det latinske namnet er Varanus komodoensis.
Kva gjenstand?
5 POENG: Ei topp-100-liste knytt til denne gjenstanden har japanarar på dei ni første plassane. Øvst ligg Hiroyuki Suzuki (f. 1989).
4 POENG: Personane er utøvarar. Det har funnest liknande gjenstandar sidan oldtida. Den moderne vart til i USA på 1900-talet. Dei fire hovudtypane er imperial, butterfly, offstring og freehand.
3 POENG: Han vart ein farsott i norske skulegardar i 1980-åra. Leiketøyet har eit varemerkenamn av ukjent opphav.
2 POENG: To triks er «gå tur med hunden» og «jorda rundt».
1 POENG: Han er to trinser med ein kort aksel mellom og ei lang snor festa til akselen.
Svar på hinta:
Kva delstat i USA: Ohio
Kva personkarakteristikk: Bohem (Romanen Scènes de la vie de bohème vart til operaen La bohème. Rørsla var Kristiania-bohemen, etter Hans Jægers roman Fra Kristiania-bohemen.)
Kva dyr: Komodovaran
Kva gjenstand: Jojo