Kva dyr?
5 POENG: Vaksne individ av dette dyret har raud augering. Arten vert delt inn i fem underartar, særleg etter kva gråsvart tone ryggen har. To av underartane har førsteledda samojed- og kasakh-.
4 POENG: Han kan verte forveksla med svartbak, men er mindre og har ikkje grårosa bein. Eit treffande dialektnamn er gulføting.
3 POENG: Han er kvit på undersida og mykje av hovudet. Han et det meste, ikkje minst stimfisken som òg er med i artsnamnet. Nebbet er gult med raud flekk.
2 POENG: Arten og resten av familien kjem dårleg ut hos Odd Børretzen.
1 POENG: Nokre andre vanlege måker i Noreg er fiskemåke, gråmåke, hettemåke og krykkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.