Kva person?
5 POENG: Denne personen flytta frå fødebyen til hovudstaden i 1980. Familien kjende på skuld då fødebyen seinare same året opplevde ein massakre. Personen var å sjå på Lillehammer i mai 2019.
4 POENG: Personen er fødd i 1970 og synest meir oppteken av kjenslehandtering enn protest. Det går mykje i såre tema. Til dømes det nemnde Gwangju-opprøret.
3 POENG: Ho er forfattar, men også musikar og biletkunstnar. Romanen Vegetarianeren vart det internasjonale gjennombrotet.
2 POENG: Svenska Akademien har nyss løfta fram «hennes intensiva poetiska prosa».
1 POENG: Ho er Sør-Koreas første nobelprisvinnar i litteratur. Familienamnet er identisk med eit norsk personleg pronomen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.