Quiz

Hint for hint

Publisert Sist oppdatert

Kva slags bygning?

5 POENG: Set dette ordet i bestemt form eintal, så får du ein tidlegare bygning ved Jernbanetorget i Oslo. Han var statthaldarbustad og kongebustad på 1800-talet, men brann under krigen og vart riven. Han gjev namn til den vesle parken like attmed, som er Oslos første park.

4 POENG: Amalienborg i København er sett saman av fire slike, til dømes Christian IX’s (…). Stiftsgården i Trondheim vert kalla Nordens største tre(…).

3 POENG: To definisjonar er «praktfullt byhus» og «mindre palass». Eit kjøpesenter i Karl Johans gate har òg dette namnet.

2 POENG: Ordet har same opphav som palass.

1 POENG: Ordet er på fire bokstavar. Bokstaven e har ofte aksent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement