Kva sopp?
5 POENG: Under hatten ser me at Albatrellus ovinus er ein poresopp. Han er òg ei kjuke, men lever på bakken. Han dannar sopprot med gran og veks gjerne i klyngjer i gamal granskog, også i Noreg.
4 POENG: Porelaget er kvitt, men vert gult ved skraping. Slik kan ein lett skilje han frå forvekslingsarten franskbrødsopp.
3 POENG: Han er ein klassisk, trygg matsopp for norske nybyrjarar, akkurat som kantarell, traktkantarell, steinsopp, matpiggsoppar og matrisker. Han er stor, kjøtfull og med uregelmessig hatt.
2 POENG: Stilken er kvit. Hatten varierer frå kvit til gråbrun. Han har namn etter eit dyr.
1 POENG: Han vert òg kalla sauesopp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.