Quiz

Hint for hint

Publisert

Kva slags velgjerar?

5 POENG: Denne typen velgjerar har namn etter ein norsk organisasjon som vart stifta i 1990. Etter usemje vart ein ny organisasjon stifta i 2005. Det er lett å forveksle dei to namna. Heile rørsla går tilbake til eit prosjekt i Sverige i 1980-åra.

4 POENG: Den første organisasjonen har slagordet «Gatelangs siden 1990». Medlemmane er vaksne friviljuge.

3 POENG: Kvar velgjerar er uniformert i refleksvest med logo. Fasitsvaret kan òg vere ein dyreart og ein ranglefant.

2 POENG: Dei vandrar rundt for å skape tryggleik når ungdommar er ute seint.

1 POENG: Båe organisasjonane er på tynn ornitologisk is, sidan dei har ein svart kråkefugl i logoen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement