Quiz

Hint for hint

Publisert

Kva i naturen?

5 POENG: Mange slike er totale eller partielle, alt etter om du sjølv står i umbra eller penumbra. Ei total kan vare frå omkring 10 sekund til 7,5 minutt.

4 POENG: Dette skjer nokre få gonger kvart år, men det varierer kvar på jorda dei er synlege. Den førre ein kunne sjå frå Noreg, var i 2022, den neste er i 2025.

3 POENG: Umbra og penumbra vert òg kalla kjerneskugge og halvskugge. Det er månen som skuggar.

2 POENG: Det er veldig viktig å ikkje sjå direkte på fenomenet. Det kan gje store augeskadar.

1 POENG: Fenomenet er at sola er heilt eller delvis skjult bak månen på himmelen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement