Kva matvare?
5 POENG: Denne matvara har eit namn frå tyrkisk og kom til Noreg i 1950-åra. Ho vert produsert med ei blanding av Streptococcus termophilus og Lactobacillus delbrueckii bulgaricus. Du får bra med til dømes protein, kalsium, jod og vitamin B12.
4 POENG: Ein lagar matvara ved å homogenisere, høgpasteurisere og deretter syrne med dei to nemnde bakteriane. Dei fleste barn likar henne.
3 POENG: To varemerke er Danonino og Yoplait. To bruksområde er siderettane raita og tzatziki.
2 POENG: Varianten gresk (…) er ultrafiltrert og difor tjukkare.
1 POENG: Tine har mange slike produkt, til dømes serien Go’morgen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.