Quiz

Hint for hint

Publisert

Kva innanfor mat og drikke?

5 POENG: Dette produktet har namn etter ein tidlegare provins i Frankrike, slik landet var delt inn før revolusjonen. Provinsen var liten og låg inntil Spania, ganske nær Atlanterhavet. I heimelaga utgåve gjev produktet heile 508 kilokaloriar per 100 gram (Matvaretabellen).

4 POENG: Produktet er ofte smaksett med sjalottlauk, estragon og kjørvel. Språkrådet har ein forenkla stavemåte som kan vere med eller utan aksent.

3 POENG: Produktet er flytande.

2 POENG: Det vert rekna som eit barn av hollandéssaus. Hovudingrediensane er smør og eggeplommer.

1 POENG: Provinsen heitte Béarn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement