Quiz

Hint for hint

Publisert

Kva land?

5 POENG: Dette landet er oppkalla etter ein finansminister. Øygruppa Amirantane høyrer til landet og ligg rundt 200 kilometer sørvest for hovudstaden.

4 POENG: Det budde ikkje folk her då Vasco da Gama kom hit. Seinare vart landet fransk og britisk koloni. Hovudstaden ligg på øya Mahé.

3 POENG: Naturen, ikkje minst strendene, trekkjer mange. Afrikas minste land i areal og folketal har hovudstaden Victoria.

2 POENG: Dei tre afrikanske øystatane rundt Madagaskar er Komorane i nordvest, dette landet i nordaust og Mauritius i aust. Maldivane lenger nordaust er i Asia.

1 POENG: Det er tale om Ludvig 15.s finansminister Jean Moreau de Séchelles.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement