Kva person?
5 POENG: Denne personen vart fødd i Alta i 1936 og kom tett på til dømes Helene Alving. Avskjeden vart Ad astra av Karin Boldemann (2007–2008).
4 POENG: Personen var med i det første kullet på Teaterhøgskolen i 1953 og arbeidde ved ulike teater i femti år. To kjende TV-roller er i Benoni og Rosa og Blindpassasjer.
3 POENG: Oppveksten under krigen var nyttig i Ni liv og fleire andre filmar av Arne Skouen. Ho fekk barn med André Bjerke og Ole Paus.
2 POENG: Eit ikonisk bilete frå De dødes tjern viser ho i kvit kjole, gåande mot tjernet.
1 POENG: Henny døydde 8. september.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.