Kva spel?
5 POENG: Dette spelet vart funne opp i 1971 av ein amerikansk barberar som heitte Merle Robbins. I dag er spelet eigd av selskapet Mattel.
4 POENG: Spelet er barnevenleg. Ein norsk film frå 2004 har same namn og refererer til spelet undervegs.
3 POENG: Det er 108 eller 112 kort i stokken. Eit av dei er «Skift farge og trekk fire».
2 POENG: Når ein legg på eit vanleg kort, må det ha same farge eller valør som det førre. Målet er å gå tom for kort.
1 POENG: Gløym ikkje å seie namnet på spelet når du har eitt kort igjen. Det er spansk og italiensk for «éin».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.