Quiz

Hint for hint

Publisert

Kven i gresk mytologi?

5 POENG: Det er mange forteljingar om og skildringar av denne figuren. Til dømes eit Caravaggio-måleri. Figuren er den mest kjende i ein trio som var barn av Ceto og Phorkys. Dei to andre var Stheno og Euryale.

4 POENG: Både hesten Pegasus og kjempa Khrysaor sprang ut av kroppen til figuren.

3 POENG: Dei sprang ut då Persevs kappa av ho hovudet. Søstertrioen vert kalla gorgonane.

2 POENG: Dei som såg på ho, vart til stein. Nokre andre greske monster er Ekhidna, Hydra og Skylla.

1 POENG: Det mest iaugefallande trekket hennar var slangehåret. Namnet startar på M.

Kva person?

5 POENG: Me skal fram til ein lågmælt kristen idealist med ein bibliografi på over 30 bøker. Ei av dei heiter Palestine: Peace Not Apartheid. Personen hadde ei kjend stilling, men vart meir hylla for seinare innsats.

4 POENG: Han og kona Rosalynn starta eit senter. Etter mange års arbeid fekk han Nobels fredspris i 2002.

3 POENG: Marineoffiseren og peanøttfarmaren frå Plains i Georgia opplevde fleire kriser i den nemnde stillinga. Den største diplomatiske suksessen var Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt. Miljøpolitikk var òg sentralt.

2 POENG: Han sat frå 1977 til 1981, mellom Ford og Reagan.

1 POENG: Han (1924–2024) er den lengstlevande av USAs presidentar.

Kva land?

5 POENG: Dette ganske velfungerande demokratiet ligg i ein ustabil region. Fransk er offisielt språk. Fon er namn på både den største folkegruppa og det vanlegaste morsmålet.

4 POENG: To store kulturprofilar er musikaren Angélique Kidjo og skodespelaren Djimon Hounsou. Det gamle kongedømet før kolonitida, Dahomey, var òg rikt på kultur.

3 POENG: Det avlange landet har kyst mot Guineabukta i sør. Eit kongedøme og ein by i dagens Nigeria kan skape forvirring.

2 POENG: Her er fem kystland på rekkje frå vest til aust: Ghana, Togo, (…), Nigeria, Kamerun.

1 POENG: Parlamentet held til i hovudstaden Porto-Novo, regjeringa i Cotonou. Landet kjem alfabetisk mellom Belize og Bhutan.

Kva i naturen?

5 POENG: Det finst mange slike i verda. Det kan vere vrient å avgrense kvar enkelt til eit eksakt areal. Somme av dei har barkanar. Svaret finst i andre norske namn på dyreartane fennek og karakal.

4 POENG: To døme er Karakum i Turkmenistan og Taklamakan i Kina. Det antarktiske kontinentet vert rekna som verdas største.

3 POENG: Her er ein vanleg definisjon: «eit område med mindre enn 250 millimeter nedbør i året».

2 POENG: Ein barkan er ei isolert sanddyne forma som ei halvmåne med spissane i vindretninga.

1 POENG: Den største av dei varme er Sahara.

Svar på hinta:

Kven i gresk mytologi: Medusa

Kva person: Jimmy Carter

Kva land: Benin (Ein må ikkje forveksle landet med kongedømet Benin, som låg i dagens Nigeria. Det same gjeld hovudstaden, som i dag er Benin by i Nigeria. Ingen av dei har samanheng med landet Benin.)

Kva i naturen: Ørken (Fennek og karakal vert også kalla ørkenrev og ørkengaupe.)