Her i bokstova vil me ikkje gjere ein katt fortred. På generelt grunnlag er me imot dyreplaging. Difor vil me sleppe katten ut av sekken, og i det høvet vil me òg rette ein oppdragande peikefinger mot folk som går omkring og seier: «I mørkeret er alle kattar grå.»
Det er nemleg slett ikkje slik at om du har ein katt som er svart eller kvit, så får katten ein annan kulør berre du slår av lyset. Nei, katten er framleis svart eller kvit, også i mørkeret.
Snakk litt med katten. Om du er i beit for noko å seie til pus, har boklækjaren hatt ein viss suksess med å avsløre for katten at når han er borte, dansar musene på bordet. Slik får du katten til å halde seg heime. Då vil han heller gå ein ekstra runde rundt den varme grauten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.