Hint for hint 26. januar
Kva drikk?
5 POENG: Denne drikken har eit diminutiv som namn. Ei populær legende fortel at skaparen er Marco d’Aviano. Italienaren levde på 1600-talet og hadde yrket som drikken viser til.
4 POENG: Drikken er varm og alkoholfri. Namnet tyder «lita hette», er altså diminutiv av eit italiensk ord for hette. Kanskje vil du ha kakaopulver på toppen?
3 POENG: Ei standardoppskrift er éin del espresso, éin del steama mjølk og éin del mjølkeskum.
2 POENG: Namnet er eitt ord. Det viser til ein streng munkeorden med kapper i same farge som kaffedrikken.
1 POENG: Marco d’Aviano var sjølv ein slik munk, ein kapusinar.
Kva by?
5 POENG: Denne byen vert kalla «rosenes by» og har eigen rosefestival. Ein annan attraksjon er Oliewenhuis Art Museum. Museumsbygningen er ein tidlegare generalguvernørbustad.
4 POENG: Du kan òg vitje Anglo-Boer War Museum, til minne om den andre boarkrigen (1899–1902). Byen er hovudstad og ligg midt i landet, i provinsen Free State.
3 POENG: Det aktuelle landet har ikkje éin, men tre hovudstadar. Me skal fram til den juridiske.
2 POENG: Dei to andre hovudstadane er Pretoria (utøvande) og Cape Town (lovgjevande).
1 POENG: Namnet på «rosenes by» tyder passande nok «blomefontene».
Kva person?
5 POENG: Anders Giæver har skrive bok om denne folkekjære personen, som var ganske sjenert og usikker privat. Personen døydde som 65-åring og held ein rekord på 22 eller 26, alt etter definisjon.
4 POENG: Leveåra er 1901–1966. Personen var fødd i Chicago, Illinois og døydde i Burbank, California.
3 POENG: Rekorden er flest oscarprisar. Han vann 22 i dei vanlege kategoriane og 4 æresprisar. Gjennombrotet kom med Steamboat Willie i 1928.
2 POENG: Namnet hans står øvst på framsida til bladet Donald Duck & Co.
1 POENG: Han er det største namnet i animasjonsfilmens historie.
Kva kunstverk?
5 POENG: Det finst tolv versjonar av dette verket. Kunstnaren nytta meir lyse og glade fargar enn tidlegare. Ein av versjonane vart seld i 2016 for drygt 50 millionar dollar.
4 POENG: Versjonen på Nasjonalmuseet er truleg frå 1901. Også her ser me Kiøsterudgården i bakgrunnen. To andre detaljar er månen og eit stort tre.
3 POENG: Motivet er frå Åsgårdstrand. Det varierer kor mange menneske me ser. Dei er kledde i ulike fargar.
2 POENG: Det er eit av dei mest kjente verka til Edvard Munch.
1 POENG: Menneska er jenter. Ofte ser me dei ved rekkverket til venstre.
Svar:
Kva drikk: Cappuccino
Kva by: Bloemfontein
Kva person: Walt Disney
Kva kunstverk: «Pikene på broen»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.