Hint for hint
Kva slags bygning?
5 POENG: Set dette ordet i bestemt form eintal, så får du ein tidlegare bygning ved Jernbanetorget i Oslo. Han var statthaldarbustad og kongebustad på 1800-talet, men brann under krigen og vart riven. Han gjev namn til den vesle parken like attmed, som er Oslos første park.
4 POENG: Amalienborg i København er sett saman av fire slike, til dømes Christian IX’s (…). Stiftsgården i Trondheim vert kalla Nordens største tre(…).
3 POENG: To definisjonar er «praktfullt byhus» og «mindre palass». Eit kjøpesenter i Karl Johans gate har òg dette namnet.
2 POENG: Ordet har same opphav som palass.
1 POENG: Ordet er på fire bokstavar. Bokstaven e har ofte aksent.
Kva person?
5 POENG: Denne personen kjem frå ein ortodoks kristen familie og grunnla ei stifting i 2007 som støttar barnehagar i heimlandet. Personen har òg hus i utlandet, til dømes i Monte Carlo og Miami. I det mest kjende virket sitt har personen ein rekord på 24.
4 POENG: Laureus World Sports Awards har kåra han til Sportsman of the Year heile fem gonger. Stilen hans passar best på hard court.
3 POENG: Den nemnde rekorden er flest individuelle grand slam-titlar på herresida. Den første kom i Australian Open i 2008.
2 POENG: I år vann verdseinaren omsider OL-gullet han mangla i tennis.
1 POENG: Han er ein av verdas mest kjende serbarar.
Kva gjenstand?
5 POENG: Denne gjenstanden skal ha vore i eit Zevs-tempel i hovudstaden i Frygia. Han er knytt til året 334 eller 333 før Kristus, men me er usikre på om han faktisk har funnest. Han har vorte eit omgrep med overført tyding.
4 POENG: Han skal ha vore festa på ei vogn og er oppkalla etter byen. Byen har sjølv namn etter grunnleggjaren, far til kong Midas.
3 POENG: Den som fekk has på gjenstanden, skulle verte herre over Asia.
2 POENG: Den overførte tydinga er «innvikla oppgåve som kan løysast på ein uventa og resolutt måte».
1 POENG: Ein populær versjon er at Aleksander den store hogg over han. Byen er Gordion.
Kva land?
5 POENG: Når me listar opp verdas land etter areal, kjem dette landet mellom Zimbabwe og Japan. Eller mellom Malaysia og Elfenbeinskysten, alt etter definisjon.
4 POENG: Landet har fleire oppfinningar. Til dømes den første gassturbinen som leverte positiv effekt (1903).
3 POENG: Sju land har territorialkrav i Antarktis. Dei seks andre er Australia, New Zealand, Argentina, Chile, Storbritannia og Frankrike.
2 POENG: Landet var først i verda med til dømes likestillingsombod og barneombod.
1 POENG: Landet har særs lang kyst, frå Barentshavet i nord til Skagerrak i sør.
Fasit
Kva organisasjon: Amnesty International
Kva fjord: Laksefjorden (Lágesvuotna kjem av lágis, «noko nedtrykt, flatlendt» og vuotna, «fjord».)
Kva måleri: «La Liberté guidant le peuple» (Det er omsett til «Fridommen fører folket» og «Fridommen på barrikadane». Me godtek til dømes «måleriet med ei kvinne som held trikoloren».)
Kva person: Kamala Harris
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.