Hint for hint
Kva land?
5 POENG: Mange folk har kontrollert det som i dag er dette landet. Det vart del av Det osmanske riket i 1574, så fransk protektorat frå 1881, deretter sjølvstendig frå 1956. Filmstjerna Claudia Cardinale er fødd og oppvaksen her.
4 POENG: Den første presidenten, Habib Bourguiba, gjorde landet til ein streng eittpartistat. Han vart avsett i eit fredeleg kupp i 1987 av etterfølgjaren Zine el-Abidine ben Ali.
3 POENG: Ben Ali gjekk sjølv av i 2011 under sjasminrevolusjonen, som utløyste den arabiske våren.
2 POENG: Det er Afrikas nordlegaste land. Algerie er i vest, Libya i aust.
1 POENG: Langt nord ved Middelhavet ligg hovudstaden Tunis.
Kva band?
5 POENG: Dette bandet vart til i 1964, då The Tainix endra namn og mannskap. Frontfiguren på den tida døydde i 1973, berre 27 år gamal.
4 POENG: Me skal til Hedmark. To slagerar frå 1960-åra er «Line» og «Regnets rytme».
3 POENG: Dei vann Spellemannprisen heile ni gonger. Til dømes då sjangeren deira vart eigen klasse (1996). Dei takka for seg i 2024.
2 POENG: William Kristoffersen står bak mange av dei nyare songane. Til dømes «Nei, så tjukk du har blitt».
1 POENG: Noregs største danseband fekk namn etter Ole Ødegård, mangeårig medlem, og den nemnde 27-åringen, Ivar Grønsveen.
Kva person?
5 POENG: Denne mannen (1809–1849) vart foreldrelaus som toåring og enkjemann som 38-åring. Sjølv døydde han alkoholisert, men med uklar dødsårsak. Dei siste orda skal ha vore: «Gud, hjelp den fattige sjela mi.» Ein kan setje spørsmålsteikn ved ein av merittane hans ved å nemne Maurits Hansen.
4 POENG: Boka Angstens dikter (1949) av Egil Rasmussen handlar om han. Ein skarp litteraturkritikar var han òg.
3 POENG: Som lyrikar er amerikanaren best kjend for diktet «The Raven».
2 POENG: Han vert kalla skaparen av moderne krim. Også skrekknovellene er vidgjetne.
1 POENG: Edgar fekk mellomnamnet Allan av fosterforeldra.
Kva matrett?
5 POENG: Denne lagdelte matretten er av nyare dato og særs populær verda rundt. Den romantiske komedien Sleepless in Seattle (1993) bidrog mykje til det.
4 POENG: Det er omstridd kvar i Italia han kjem frå. Byen Treviso i Veneto reknar seg som opphavet og arrangerer eit eige VM. Osten skal vere mascarpone.
3 POENG: Han er ein dessert. Namnet tyder «trekk meg opp».
2 POENG: Bløyt savioardikjeks i espresso og marsalavin. Legg det lagvis med ei blanding av mascarpone og eggedosis. Ha kakaopulver på toppen. Buon appetito!
1 POENG: Å trekkje heiter tirare på italiensk.
Svar på hinta:
Kva land: Tunisia
Kva band: Ole Ivars
Kva person: Edgar Allan Poe (Spørsmålsteiknet handlar om statusen som skapar av moderne krim. Han skreiv The Murders in the Rue Morgue (1841). Dette vert kalla verdas første moderne detektivforteljing. Men nordmannen Maurits Hansen gav ut ein krimroman året før. Den heiter Mordet paa Maskinbygger Roolfsen.)
Kva matrett: Tiramisu
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.