Hint for hint veke 2
Kva person?
5 POENG: Denne personen vart fødd i 1911 og sovna inn i 1960 på den elska sommarstaden sin på ei øy utanfor hovudstaden. Hertugen av Mantova var eit sentralt namn i arbeidslivet.
4 POENG: Den vesle øya heiter Siarö. I 1945 kom sjølvbiografien Med bagaget i strupen.
3 POENG: Hertugen av Mantova høyrer heime i Rigoletto og var ein av glansrollene hans.
2 POENG: Den svenske tenoren var ein av dei fremste operasongarane på 1900-talet. I Noreg er han godt kjend for innspelinga av «O helga natt».
1 POENG: Han heitte eigentleg Johan Jonatan, men går som Jussi.
Kva varemerke?
5 POENG: Dette varemerket kom i 1937. Den vanlege utgåva er firedelt. Kvar del har bilete av fire individ av arten Leptoptilos crumenifer.
4 POENG: Det norske merket er eigd av amerikanske Mondelez. Stripene på emballasjen, frå øvst til nedst, er som i flagga til Bolivia og Ghana.
3 POENG: Den ordinære storleiken er 47 gram. Merkenamnet er to ord, det siste er eit måltid.
2 POENG: Dei fire stengene har kjeks inst. Den aktuelle arten er marabustork.
1 POENG: Mange et Freia-sjokoladen på tur, ikkje minst i påskefjellet.
Kva historisk hending?
5 POENG: Denne hendinga i 1852 vert gjerne forklart ut frå både religiøse, sosiale og personlege faktorar. Hendinga førte til at Universitetet i Oslo fekk to heilt spesielle studieobjekt.
4 POENG: I spissen på den eine sida stod presten, lensmannen og ikkje minst kjøpmannen, han med det avskydde brennevinssalet. Dei to siste vart drepne.
3 POENG: Den andre sida var ei gruppe som hadde vorte omvend til læstadianismen. To av leiarane, Mons Somby og Aslak Hætta, vart seinare halshogde.
2 POENG: Hendinga vart nytta som argument for fornorskingspolitikken.
1 POENG: Ein film av Nils Gaup skildrar dette samiske opprøret, som har namn etter staden der det skjedde.
Kva grunnstoff?
5 POENG: Dette er det femte vanlegaste grunnstoffet i menneskekroppen, etter oksygen, karbon, hydrogen og nitrogen. Tettleiken er rundt 1,5 gram per kubikkcentimeter.
4 POENG: Til forskjell frå dei fire vanlegare grunnstoffa er dette eit metall. Då er 1,5 eit lågt tal. Til dømes ligg aluminium på 2,7.
3 POENG: Grunnstoffet er òg blant dei vanlegaste i jordskorpa. Alt levande treng dette. Dei fleste nordmenn får fint i seg nok, for ein kjem langt med meieriprodukt.
2 POENG: Atomnummeret er 20. Atomsymbolet er Ca.
1 POENG: Grunnstoffet kalium er berre éin bokstav unna.
Svar på hinta:
Kva person: Jussi Björling
Kva varemerke: Kvikk Lunsj
Kva historisk hending: Kautokeino-opprøret (Studieobjekta var hovuda til Somby og Hætta.)
Kva grunnstoff: Kalsium
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.