Blåbær

Nett no er det ikkje lov å ete blåbær utan å verte blå kring truten.

Publisert Sist oppdatert

Kva var det no Pelle sa til Kari ein deilig sommardag igjen? Det var noko med «skogen», var det ikkje, og Lillebror, Kjellemann og Mari, for det er alltid kjekt å vere fleire og nok å ta av ute i skogen?

Aldri har færre av oss plukka bær enn i 2007. Frå 80-åra og fram til då gjekk nemleg sjølvbergingsinteressa bratt nedover i gamle Noreg, men det siste nesten-tiåret har ho sakte, men sikkert teke seg opp att. Bærplukkarane finn vegen fram att frå skapet og får fylgje av nymotens utstyring som ein sorteringstut du monterer på støvsugaren: bær, rusk og blad går inn, bær hamnar i bytta medan rusk og rask hamnar i støvsugarposen. Vips! så er arbeidsinnsatsen etter blåbærturen redusert med kring 95 prosent.

Og jammen er det nok å ta av der ute. Blått i blått i blått, om eg kan låne enno litt av sjølvaste Prøysen. Men kvifor er det berre amerikanske blåbær frå Polen i butikken?

Super-antioksidanten

Vi har altså slått fast at det er mykje blåbær i skog og fjell, og kan for ordens skuld kjapt svinge innom at dei sjølvsagt smakar både sommarleg, søtt og smakeleg.

Ikkje å forakte er at dei små sommargåvene er ganske så sunne òg. Det er til dømes 24 prosent meir fiber i blåbær enn i kneippbrød. Korrigerer du for energinivå, er det like mykje omega 3 i bæra som i laks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement