Kommentarar til Marte Michelet
Heimefronten
Marte Michelet kom i Dag og Tid sist veke (16. november) med eit svar til mi melding av boka hennar. Ho har to innvendingar. Den eine er at eg ikkje har teke med ei setning i von Moltkes brev til kona Freya 10. oktober 1942. Det seier eg meg lei for, men Michelet nemner brevet to gonger. Eg har sett på samanhengen på side 197, ikkje på side 182–183. Eg held likevel fast på poenget mitt: Michelet spekulerer når ho hevdar at Steltzer hadde med seg informasjon om «den endelege løysinga» tilbake til Noreg, og kan ikkje vise til kjelder.
Den andre innvendinga er om Arvid Brodersen. Der meiner eg framleis at Brodersen ikkje er rett sitert. For dei som vil gjere seg opp si eiga meining, er det berre å lese Brodersens eigne ord frå 1982. Boka Fra et nomadeliv er tilgjengeleg på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.
Historieskrivinga til Michelet er ofte prega av analysar og konklusjonar som ikkje nødvendigvis har støtte i kjeldene. For å tydeleggjere kva eg meiner, skal eg her nemne nokre døme.
På side 175 i boka introduserer Michelet statssekretæren i det tyske innanriksdepartementet, Wilhelm Stuckart. Han var såkalla rasejurist og ein av dei som hadde utarbeidd Nürnberg-lovene. I boka forklarer Michelet at Stuckart var på reise i Noreg i byrjinga av september 1942, og at denne reisa var kopla til forarbeidet til dei to lovene som Quisling-regimet vedtok i samanheng med arrestasjonen av jødiske menn 26. oktober. Så skriv ho: «Etter sine mange runder med deportasjonseksperten Stuckart må det ha vært rimelig innlysende for von Moltke at Stuckarts Oslo-besøk betydde at de norske jødene snart sto for tur» (s. 177).
Slik det er lagt fram i boka, vert dette hovudgrunnen til at Moltke kom frå Tyskland til Oslo 15. september 1942, for å varsle Steltzer og norske motstandskrinsar. Men Stuckart var ikkje i Noreg for å førebu ei «endeleg løysing» eller anti-jødiske lover. Det kjem fram i ein omfattande rapport han skreiv til Reichsleiter Bormann (leiaren for partikanselliet) 26. september 1942. Han kom hit for å lodde stemninga i Noreg og blant kollaboratørane i Nasjonal Samling. Stuckart skriv ingenting om jødane i rapporten. Han var heller ingen «deportasjonsekspert», slik Michelet skriv. Han visste sjølvsagt at jødane vart deportert og drepne i Europa, men det finst ikkje kjende kjelder på at han visste noko konkret om den komande deportasjonen frå Noreg.
Eit anna døme er intervjuet som Ragnar Ulstein gjorde med Gunnar Sønsteby, som er ei viktig kjelde for Michelet. Her seier Sønsteby at han fekk eit varsel om dei komande jødedeportasjonane alt sommaren 42. Problemet med Michelets framstilling av dette intervjuet er at ho dramatiserer for mykje for å forsterke si eiga forteljing. Her må eg gå i detalj for å få fram dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.