Valborgsnatta

Kammerchor Stuttgart dreg til Bloksberg.

Utsnitt av måleriet «Valborgsnatta» av Luis Ricardo Falero (1851–1896).
Utsnitt av måleriet «Valborgsnatta» av Luis Ricardo Falero (1851–1896).

CD

Felix Mendelssohn Bartholdy:

Die erste Walpurgisnacht; Oedipus in Kolonos

Kammerchor Stuttgart; Deutsche Kammerphilharmonie Bremen; Klassische Philharmonie Stuttgart; dir.: Frieder Bernius.
Carus 2020

Det er schwung over Kammerchor Stuttgarts nye Mendelssohn-innspeling, der to orkester er med: Deutsche Kammerphilharmonie Bremen spelar den verdslege kantaten Die erste Walpurgisnacht, op. 60 (1833), medan Klassische Philharmonie Stuttgart medverkar i den mindre kjende skodespelmusikken Oedipus in Kolonos, op. 93 (1845). Lat oss byrja med det sistnemnde verket.

Kviskrande kor

I 1841 gjorde Fredrik Vilhelm IV av Preussen Felix Mendelssohn Bartholdy til kapellmeister og prøyssisk generalmusikkdirektør. Kongen hadde hatt si obligatoriske danningsferd i Italia og sverma for den gresk-romerske antikken og renessansen i Italia, noko dei mange byggverka hans som framleis står i Tyskland, vitnar om. Òg på scena ville han gjenoppliva det klassiske, difor gav han Mendelssohn i oppdrag å setja musikk til Sofokles’ tragedie om segnkongen Oidipus av Theben, han som drap far sin og ekta mor si.

Universalgeniet Men­delssohn var sjølv habil klassiskfilolog. Tilfeldigvis var det nett gjeve ut ei ny, metrisk korrekt attdikting av gymnasrektoren J.J.C. Donner i Stuttgart – denne versjonen av tragedien brukar tyskarane framleis. Komponisten fekk slik høve til å arbeida med ein mest mogleg autentisk tekst. Svært moderne var derimot den sofistikerte tonesetjinga for to mannskor og orkester. Spesielt vellukka tykkjer eg det siste nummeret er, «Wer ein längeres Lebensteil wünscht», som byrjar med kviskrande mannskorrøyster og vedunderleg lette pizzicatoar i strykarane (strengene blir plukka på med fingrane).

Heksesabbat

Dramatikk av den ekspressive sorten opplever me i kantaten Die erste Walpurgisnacht («Den fyrste valborgsnatta»). Til grunn ligg balladen med same namn av J.W. von Goethe, med handling frå tidleg mellomalder: Me er i Harz-området midt i Tyskland, på fjellet Brocken, det me kjenner som Bloksberg, der det gamle heidenske samfunnet er truga av kristendomen. Natt til 1. mai kler druidane seg difor ut som sataniske figurar og skremmer vitet av dei kristne. For heidningane er det heile skodespel – det er jo berre dei kristna som trur på Satan.

Den rasande ouverturen «Das schlechte Wetter» syner Mendelssohn på sitt beste, heilt på høgd med ouverturen til Ein midtsommarnattsdraum. Imponerande er òg Kammerchor Stuttgarts sylskarpe artikulasjon og Deutsche Kammerphilharmonie Bremens kvervlande dynamikk i djevledansen «Kommt mit Zacken und mit Gabeln», som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein.