Vinternetter i Rondane
På seinvinteren er det fritt for folk i Rondane nasjonalpark, den fyrste og mest nasjonalromantiske av nasjonalparkane våre. I år var her diverre òg mest fritt for snø.

Den som bur i eit vakkert slott, bur godt. Men den som bur i ei tarveleg rønne overfor dette slottet, har den vakraste utsikta. No meiner eg ikkje at fjella aust for Atnsjøen, der me har lagt oss til denne fyrste kvelden, er tarvelege. Men herifrå har ein det vakraste utsynet over nasjonalparkens naturlege palasskompleks i vest: det ikoniske Rondanemassivet, med Storronden, Midtronden, Høgronden og – ruvande høgast i himmelsynet – sjølve Dovregubbens hall, Rondslottet (2178 moh).
Furukledde dalsider
Turen starta tidlegare denne kvelden frå fylkesveg 27, om lag midtvegs langs den smale Atnsjøens (701 moh.) austre breidd. Dei furukledde dalsidene er slake, så med skifellar gjekk det greitt å dra pulken beint opp lia. Sjølv om det har vore beinkaldt lenge, var der ikkje mykje snø nede i skogen. Her oppe ved fylkesgrensa til Alvdal, kring 1000 meter over havet, er det faktisk endå mindre; bakken er blåsen så berr at blokkmarka knasa mot stålkantane på fjellskia. Det fuktige vestavêret tømer seg som regel for nedbør over Jotunheimen i vest, så i Rondane kjem snøen som regel austfrå. Men austavêret ber som kjent òg lite nedbør, difor er vinterklimaet her noko av det tørraste og snøfattigaste i heile landet.
Sublimt
Ingen netter er stillare enn den klåre og beinkalde vinternatta i høgfjellet. Telt har me sjølvsagt med. Men når vêret er så godt som no, likar eg å ligga under open himmel. I heilårssovepose med fôra fjellduk rundt, på eit kraftig liggjeunderlag av lukka celleskum, er tørrfrosten ikkje noko problem.
Utsynet mot fjella i vest er vilt og stilt på same tid. Det er sublimt i den rette, romantiske tydinga av ordet: ein venleik som ikkje er idyllisk, men overveldande og ukontrollerbar og som gjer alt menneskeskapt veikt og uviktig. Kunstmålaren Harald Sohlberg (1869–1935), som var på skitur her i påska 1900, greidde i målarstykket Vinternatt i Rondane å fanga stemninga i utsikta i kalde, blåkvite fargar. Det vil seia: Som nyromantikar var han ikkje nøgd med å reprodusera røynda. Til slikt fanst alt fotografiapparatet. Han ville skildra korleis han opplevde det han såg, hans idé om motivet. Difor eksperimenterte han med ulike synsvinklar, plukka det beste frå kvar av dei og laga fleire versjonar av verket.
Fyrst i 1914 skapa han den sterkaste versjonen, det mannshøge oljemålarstykket som heng i Nasjonalgalleriet. «Det var som å være innunder en veldig kirkehvelving, bare tusen ganger sterkere», skreiv han seinare om vinternattsopplevinga. Og ganske rett: Granskar me målarstykket nøye, blir me vare ein kvit kross på skuggesida av den høgaste pyramiden til høgre – fjellheimen er hjå Sohlberg blitt sakral, til ein naturens katedral.
Ikkje kvista
Neste dagen går nordover opp den langdryge Sølndalen i Alvdal. Ved Storsølnkletten (1827 moh.) dreier me vestover over fjellet. Me kryssar fylkesvegen og elva Atna sør for Folldal og tek oss opp Dørålen, dalen som er ein fin portal til sjølve nasjonalparken. Me venta medvete til etter påske med denne påsketuren. For Rondane er eit av landets mest populære skiområde, og langs dei kvista løypene mellom turisthyttene kan det bli tett trafikk i høgsesongen. Etter påskehelga tek oppsynet ned kvistane og stenger fleire av turisthyttene som har vertskap. Så er ein budd på å staka ut sin eigen kurs og å sove ute, har ein Rondane for seg sjølv på denne tida av året. Faktisk møter me i løpet av heile denne vekelange skituren ikkje eitt anna menneske innanfor nasjonalparken.
Grunnen til at kvistinga blir teken ned, er vel for å skåna dei mellom 1500 og 2000 villreinane i Rondane, stamma som utgjer den siste opphavlege i sitt slag i Skandinavia. Er det difor dei er så vare? Ensar dei folk med nasen, augo eller øyro, spring dei gjerne fleire kilometer før dei roar seg. Særleg for simlene er dette ikkje bra, for på denne tida av året går dei høgdrektige.
Oasen
I Dørålen (kring 1100 moh.) er det ikkje vanskeleg å sjå spor etter istida, som enda for 10.000 år sidan og skapte djupe, amfiteaterliknande botndalar og kilometerlange moreneryggar. I eit uttørka elvedelta sør for Dørålseter finn me ein ideell leirplass me døyper «Oasen». Ikkje av di her er frodig, men av di her er ein flekk med daude, tørre seljestrangar som smell som rifleskot gjennom vinternatta når me knekker dei. Med slik ved er bålfyringa ein leik. Og bål trengst, for nede i U-dalar som dette er nettene gjerne 10–12 gradar kaldare enn lenger oppe i liene.
Ved Skranglehaugan (kring 1200 moh.), nokre kilometer søraust for Oasen, er terrenget underleg. Vakkert kan det knapt kallast – det minner om Somme og Verdun etter fyrste verdskrigen, med djupe krater som etter granatnedslag. Kratera er såkalla daudisgroper, som kan vera 100 meter breie og 30 meter djupe. Dei blei til mot slutten av siste istid for 10.000 år sidan; så slutta bre-isen å røra på seg, og veldige isblokker blei liggande. Desse var omslutta av sand og stein, og då dei smelta, etterlét dei seg ei grop.
Meir alpint
Skiføret i Dørålen er elles miserabelt. For her snør det minst i heile Rondane – årsnedbøren er berre snaue 300 mm, Bergen har til samanlikning godt over 2000 mm. Difor har mykje av skituren til no gått føre seg med skia på sekken, akkompagnert av den skjerande lyden av pulk mot stein. Men etter kvart som me nærmar oss hjartet av Rondane, tek skiføret seg opp. Frå nord tek Rondanemassivet seg heilt annleis ut enn «Sohlberg-panoramaet» frå søraust. For fjellformene er ikkje lenger runde og rolege, men meir alpine, prega av kvasse tindar og svarte, vertikale fjellsider.
«Heil og sæl»
Me tek av mot sør, oppover Bergedalen som smyg seg rundt Digerronden (2016 moh.). Dette 600 millionar år gamle fjellet av kvartsittskifer er det einaste som òg frå denne kanten har pyramideform. No er det heilt kvitt, men på sommaren har det gråsvarte fjellet berre éin lys flekk – av blenkjande aluminium. For ein skoddetung dag den siste krigsvinteren brasa eit tysk Junkers Ju 52-transportfly på veg frå Bardufoss til Fornebu inn i fjellsida, og tolv høge offiserar og to meinige miste livet.
Minnesteinen der oppe har eg ikkje sett ved sjølvsyn, men lese om på DigitaltMuseum, internettdatabasen over samlingane i norske kunst- og kulturhistoriske museum. Tyske soldatar reiste steinen i 1954, noko som må vera dei unnt, landsmennene deira døydde jo ikkje i strid. Men innskrifta på steinen skjønar eg ikkje at dei slapp unna med: «De døde på post for Tyskland. Heil og sæl. Alle døde i troen på føreren.»
Opium og gåselever
Ved Rondslottet hadde me tenkt å halda fram rett sørover, ned Rondvassdalen over Rondvatnet, der det i juli og august går skyssbåt, til Rondvassbu. Men er isen trygg? Langs breidda er det uråd å gå, for fjellsidene styrtar mest loddrett ned i vatnet – me måtte då teke sommarruta over Rondhalsen, og ei bratt, skrå stigning på 500 meter med pulken dinglande på sida freistar lite. Turen går difor aust i staden, under Rondslottets 700 meter høge, loddrette bakside.
Namnet på heile fjellområdet skriv seg frå Rondvatnet, som har lange og smale render. Det kjem av norrønt og tyder «rand» eller «stripe». (Namnet Randsfjorden kjem av det same.) Fjellnamna med «rond» er derimot nylaga turistnamn, til dømes Rondslottet, som medisinstudenten Harald Graff og bonden Ole Straumbru var dei første til å nå toppen av i 1875. I DNTs årbok det påfylgjande året skildrar Graff hendinga: «Pustende sto jeg oppå det, stødte min jernskoede stok tre gange i stenen og sagde die høitidlige ord: I Den Norske Turistforeningens navn tager jeg dig i besiddelse og døber dig Rondeslottet.»
Det står mykje løye i slike gamle DNT-årbøker. Til dømes skal ein ifylgje høgsterettsadvokaten og DNT-formannen Christian Ludvig Jensens populære «Huskeliste for sommerbruk» frå 1920-åra ikkje gløyma å ha med slips, korketrekkar, opium og gåselever på fjelltur.
Elg i solnedgang
Langs Rondslottets 700 meter høge fjellvegg, der Dovregubben i Peer Gynt held hoff, passerer me siste kvelden vasskiljet for siste gong. Vegen attende til Atnsjøen går gjennom den éi mil lange, skuggefulle Langglupdalen – dalen som i Sohlbergs målarstykke deler komposisjonen i to. Her opplever me eit anna kjent motiv i norsk biletkunst, men som høyrer kitschen til: ein gråsvart elgokse som tittar forviten ned i dalen før han forsvinn over fjellet mot soleglad i vest.
«Det var som å være innunder en veldig kirkehvelving, bare tusen ganger sterkere.»
Kunstmålaren Harald Sohlberg om Rondane i vinterdrakt