Matmonsen

Hjarte­medisin

Klassikaren har kanskje berre smør og brunost, men mange vil ha endå meir av det gode.
Publisert Sist oppdatert

Eg har så vidt vore innom vaflar her i spalta mi, men det er altfor lenge sidan. Det er derfor på tide å heidre denne hjarteforma godsaka endå grundigare. 

Ein kan vel seie at vaffelen er sjølve hjartet i nasjonen Noreg, for kor i landet kan du vere utan å støyte på eit rykande vaffeljarn?

Spør gjerne dei friviljuge organisasjonane kor dei hadde vore utan vaffelen, denne enkle, velduftande kjelda til både kulinarisk glede og pengar i kassa. Spør gamal, spør ung om dei likar vaflar. Svaret gir seg sjølv. Eller spør sjømannskyrkjene verda over kva nordmenn spør etter når dei er på vitjing: Jo, nettopp vaflar med brunost, eller rømme og syltetøy, eller helst alt saman på ein gong.

Sjølv voks eg opp som alle andre nordmenn, som vaffelelskar. 

For det er jo noko med at vaflar eigentleg ikkje er naudsynt, det er eit overskotsfenomen, vaffel er ikkje noko du treng for å overleve, men kanskje det er slik likevel?

Anten me er på diett, er for tynne, for tjukke eller veganarar, ketofanatikarar, slankefantom, treningsnarkomane eller diabetikarar – vi synest likevel at vi må unne oss ein vaffel i ny og ne. Synda har kome inn i verda, det er berre å innsjå det. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement