Kunngjeringar
Hotellyset du treng, finst
Teikning: May Linn Clement
Torkel har fått rom ved sida av heisen og har alt vore nede i resepsjonen og spurt om å få byte. Det gjekk ikkje, hotellet er fullbooka på grunn av ein eller annan konferanse, men han måtte berre seie ifrå om det var noko anna dei kunne hjelpe med.
Han står ved senga og tek av seg buksa, hengjer ho over armlenet på stolen. Resten av kleda hamnar i ein haug på golvet. Det har vore ein lang dag, og Torkel treng søvn, men risikerer å bli liggjande og irritere seg over lydar frå heisen som køyrer opp og ned.
Han går bort til vindauget, står ei stund i berre underbuksa og stirar inn i ein vegg full av andre vindauge før han dreg føre gardinet. Torkel pussar tennene på badet, tek den miste handduken frå eit av dei to setta som ligg klare, og tørkar seg rundt munnen, etterpå hengjer han handduken på ein knagg ved sida av vasken og reddar miljøet. Kvifor er det to sett med handdukar? Trur dei at Torkel skal dra med framande inn på rommet?
Den kvite boksen som er festa på veggen utanfor badet, kan sjå ut som ein lysbrytar, men det er ein termostat. Loket er limt fast, så det går ikkje an å stille på noko. Han heng berre der til irritasjon. Torkel må inn på badet att for å skru av lyset.
Korleis dei tenkjer når lysbrytarane på hotell skal plasserast og koplast saman, er ei av livets store gåter. Torkel kan ikkje sove med lys på og går bort til døra og trykkjer på brytarane under nøkkelkorthaldaren, men same kva kombinasjon han prøver, lyser stålampa ved vindauget, pluss ei eller begge lampene i taket. Han tek ut nøkkelkortet, for å teste, det blir heilt mørkt, men no er det jo ikkje straum i stikkontaktane. Torkel set nøkkelkortet på plass att, går bort til stålampa og trakkar på ein klump på golvet, lampa sloknar. Han prøver brytarane attmed døra ein gong til, no sloknar alt unntatt lyslista på sengegavlen. Kanskje dei ikkje vil at folk skal liggje i sengene, men halde seg vakne med å springe rundt å slå av og på lysbrytarane. Torkel gjev opp.
Den einaste stikkontakten i nærleiken av nattbordet er midt under senga, han legg seg flat på golvet og åler seg halvnaken inn i mørkeret for å få straum i ladaren til mobilen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.