Kunngjeringar
Ut og ete (1)
– Me er dessverre tomme for kveite, seier servitøren.

Høyr Frank Tønnesen lese:
Sverre Kvinen og kona Solveig sender den eine menyen dei fekk, fram og tilbake over bordet mellom seg. Nye eigarar har forandra på alt. Hamburgaren som har vore ein slager i alle år, er ikkje lenger eit alternativ.
– Eg er ikkje så svolten, seier Solveig.
– Kanskje eg prøver dagens suppe.
– Suppe kan dei ha for meg, seier Sverre.
Han bruker som vanleg lang tid på å bestemme seg, men landar til slutt på kveite. Når servitøren kjem, held Sverre opp menyen, peiker der det står kveite, og seier så tydeleg han kan:
– Jeg tror jeg prøver kveita.
Sverre knotar utan å tenkje noko særleg over det, kanskje sidan det er nye eigarar, eller for å unngå det som har skjedd så mange gonger i dette livet: at folk rett og slett ikkje skjøner kva han seier, og står der som spørjeteikn.
– Me er dessverre tomme for kveite, seier servitøren.
Det er som eit slag i andletet. Kvifor kunne han ikkje gitt beskjed om det då dei fekk menyen, i staden for å halde folk for narr på denne måten.
– Eg kan anbefale lysing, seier servitøren.
– Lysing, kva er det for noko? Det har eg aldri høyrt om.
– Det er ein fisk.
– Eg vil gjerne bestille dagens suppe, seier Solveig.
Servitøren kikar på Sverre.
– Eg kan komme tilbake om ei stund, seier han.
– Har du lasagne?
– Nei, det har me ikkje.
– Då må eg tenkje litt til, seier Sverre.
Det er ingenting på menyen som peiker seg ut, han skal iallfall ikkje ha suppe. Kvifor har dei ikkje biffsnadder med bearnés?
Servitøren blir ståande, sjølv om han seier han skal komme tilbake.
– Eg får prøve den der lysingen, då.
– Eit godt val. Det er ein nydeleg fisk. Var det då noko meir?
Han lirer av seg innøvde frasar og hadde vel aldri sagt at det var ein ufyseleg fisk. Uansett er det vel ikkje vanleg å bestille meir når ein nett har bestilt.
– Nei, det får halde, seier Solveig.
Dei har i grunnen gjort seg ferdige med å snakke saman for mange år sidan og sit berre roleg og ventar på maten. Uheldigvis kjem det inn ein gjeng vaksne gutar som oppfører seg som om dei er heilt åleine i verda. Det er reservert eit langbord til dei i nærleiken av Sverre og Solveig. Ein har hatt på hovudet der det står 40 år. Dei fleste er godt påsegla allereie. Sverre kan ikkje skjøne at folk vil skjemme seg ut på den måten.
Etter ei stund kjem servitøren med drikke, så går det ikkje lenge før han er der igjen, men ei korg med oppskore brød og ei skål med noko kvitt i. Han seier ingenting. Me har ikkje bestilt brød, tenkjer Sverre. Har dette òg blitt ein restaurant der porsjonane er så små at dei må spe på med brødskiver før middag? Eller er det til suppa? Det er ikkje for lite brød heller.
Sakte går det opp for Sverre og Solveig at ting aldri meir kjem å bli slik dei var.
Framhald