Kunngjeringar

Ut og ete (2)

– Eg har høyrt at dei nye eigarane har prøvd seg fleire stader utan å lukkast, seier Solveig.
  

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje tilfeldig at drikka kjem fyrst. Sverre smaker ein liten sup, men lèt seg ikkje freiste til å tøme glaset heilt. Sjølv om det er det dei vil, at folk skal drikke opp før maten og bestille meir. Dei ventar på suppe og lysing, det kjennest som ei æve sidan servitøren tok imot bestilling.

Sverre set glaset godt inn på bordet for å minske faren for at han skal komme borti og velte det når han ein gong skal ete denne maten.

– Eg har høyrt at dei nye eigarane har prøvd seg fleire stader utan å lukkast, seier Solveig.

– Og det fortel du fyrst no?

– Folk fortener nye sjansar, me skal ikkje døme på førehand.

– Eg dømer ikkje, eg berre irriterer meg, seier Sverre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement