Kunngjeringar

Ut og ete (5)

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Solveig og Sverre er snart dei einaste som er att i restauranten, som knapt kan kallast ein restaurant. Ein stad å ete, er meir passeleg. Sverre er sikker på at det snart blir kroken på døra om dei nye eigarane ikkje skjerpar seg. Det nyttar ikkje å måle ein vegg og byte ut nokre møblar.

Sverre prøver å få kontakt med servitøren, men han er like travel og uoppmerksam no som han har vore heile kvelden, ein kveld det mest ikkje er noko igjen av. Enno er det fullt mogleg å rekke heim til nyheitene, men då toler dei ikkje fleire forseinkingar.

– Kan me få rekninga? ropar Sverre.

– Du må ikkje sitje og skrike, seier Solveig

Servitøren kjem bort.

– Kunne vi fått betalt? knotar Sverre på bokmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement