Hauge-dagbøkene

Viljen vil eitt, og hjarta eit anna, – kven har rett? Kan nokon svara på den gåta.

24. juli 1959
  

Olav H. Hauge
May Linn Clement
teikning
dagbøk

Det vert ikkje mykje tid til lesing no. Men kanskje det kan verta litt betre um ei stund. Oddvin var her ein kveld.

Vinje gjorde ei ferd til England og skreiv ei bok. Tenkte han skulde kritisera og kunna døma dei. Han hausta ikkje stor ære av den boki. Emerson skreiv English Traits tjuge år fyre og ho stend enno, den beste boki som er skrive um England av ein utlending, segjer Ernest Rhys. Kvifor? Jau, fordi Emerson var stor nok til å sjå det røynlege store ved dette folket.

«Som knoklane, kjøtstykka, innvolane og blodkara er omslutta av ei hud som gjer at synet av mennesket vert til å halda ut, slik blir rørslene og lidenskapane til sjela sveipte inn av fåfengda. Ho er huda til sjela», Nietzsche. (Omsett frå tysk av redaksjonen.)

Skal undra meg på um ikkje vår tid gjer meir av kunstverk enn av kunst? Er det ikkje det ein Mallarmé strævar med? Det er mangt du ikkje likar her i verdi, men er du stor nok til å bera det, til å ikkje lata deg merka med noko?

Viljen vil eitt, og hjarta eit anna, – kven har rett? Kan nokon svara på den gåta.

Eg veit at denne vegen eg har slege inn på ikkje fører meg fram, ja, at han fører meg på vidda, men likevel lyt eg fylgja denne vegen, for eg er ikkje ferdig med han, ikkje komen til endes, og eg lyt sjå kor det ber av; fyrst då kan eg forlata han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement