JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Teknologisk imperativ!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.

Kjelde: Nasa

4449
20240906
4449
20240906

Me lever i den beste av alle tider. Eg har sjølv opplevd over seksti år med utrulege teknologiske framsteg. Då eg var liten, fekk me TV og ikkje lenge etterpå telefon. I ungdomen kjøpte eg meg stereoanlegg, og hausten 1975 lyste stereolampa for FM opp som symbol på ei endå ljosare framtid.

Som student lærte eg å programmera datamaskinar, og i 1996 såg eg ei openberring via Netscape Navigator 2. Internett vart allemannseige berre seks år etter at Cern publiserte den fyrste nettsida. I 2007 fekk eg ein iPhone og vart slave av den berbare teknologiske røynda, og no i 2024 sit eg og skriv artiklar saman med kunstig intelligens.

Det som er typisk for teknologi, er at han ikkje kan styrast. Han berre skjer. Rett nok prøver styresmakter å regulera den teknologiske utviklinga, men det er fåfengt. Me vert styrte av det teknologiske imperativet. Det seier at det som kan verta realisert teknisk, skal realiserast.

Dersom noko er mogleg å laga, vil det alltid vera nokon som er viljug til å laga det same kva følgjer det får.

Atombomba, crispr og nanoteknologi er strålande døme på det. Det finst forskarar innanfor kunstig intelligens som ikkje under nokon omstende vil trekkja ut pluggen. Dei er så nyfikne at dei vil sjå korleis det går, sjølv om det tek livet av oss. Det er ikkje berre katten som vert drepen av si eiga nyfikne.

Den norske filosofen Herman Tønnessen ynskte at me kunne tukla med gena i jakta på evig liv. No er me på god veg, men diverre litt for seint for han.

Kjelde: Elena I. Leonova / Wikimedia Commons

Kvar kjem så omgrepet teknologisk imperativ frå? Vel, ein trur det er favorittøkonomen min, Thorstein Veblen, som står bak. Ja, han har ikkje berre skrive den hysterisk morosame boka Teorien om den arbeidsfrie klasse. Veblen hevdar at maskinar kastar gamle tankemønster og dimed endrar perspektiva våre.

For å sitera den samtidige historikaren Charles A. Beard: «Teknologien marsjerer med sjumilsstøvlar frå den eine nådelause, revolusjonerande erobringa til den andre, riv ned gamle fabrikkar og industriar, kastar opp nye prosessar med skremmande fart.»

Thorstein Veblen var institusjonsøkonomen som gjennomanalyserte latterleg prangande forbruk og fritid, men han var òg særs oppteken av teknologien si rolle for samfunnsutviklinga.

Kjelde: University of Chicago Centennial Catalogues

Det teknologisk imperativet stadfestar som eit faktum at teknologi sørgjer for historisk endring ved å endra dei materielle tilhøva for menneskja. Når eit teknologisk framsteg fyrst byrjar, er det vanskeleg å stoppa eller reversera det. Teknologisk framgang er ei ibuande kraft som driv samfunnet framover, og å setja seg imot han er meiningslaust.

Teknologisk utvikling er uunngåeleg. Når nye tekniske innovasjonar dukkar opp, vert dei fort integrerte delar av det daglege livet og produksjonsapparatet vårt. Teknologisk forbetring gjev velstand, økonomisk vekst og betre vilkår for oss alle.

Ynske om maksimal profitt og marknadsdelar er ei sterk drivkraft for teknologisk utvikling. Facebook, til dømes, byrja som ein koseleg liten applikasjon for at folk skulle kunne halda kontakten med gamle kjende. Det har no utvikla seg til eit teknologisk uhyre som spreier falske nyhende, desinformasjon frå totalitære statar og reklame, der folk kranglar fullstendig usivilisert. Skaparen Mark Zuckerberg vil sjølvsagt ikkje stengja denne gullgruva, sjølv om ho er på ville vegar.

Det teknologiske imperativet tek ingen omsyn til konsekvensane eller dei etiske implikasjonane ved bruk av nye teknologiar. Samfunnet må berre tilpassa seg teknologiske endringar sjølv om dei inneber risiko og uvisse.

Her eksploderer atombomba over Nagasaki 9. august 1945. Det tok berre sju år frå fysikarar fann ut at ei slik bomber kunne lagast, til ingeniørar laga ho.

Kjelde: Library of Congress

Det har sjølvsagt vore luddittar til alle tider som har prøvd å hindra framsteg, men dei har til no tapt alle kampar. Kritikarar hevdar at blind aksept av det teknologiske imperativet kan føra til utilsikta konsekvensar som miljøskadar, problem med personvern og helsefare.

Kunstig intelligens brukar i dag 0,2 prosent av all energi i verda. Held utviklinga fram som no, vil den kunstige intelligensen bruka all vår elektriske energi innan 2030. Me får håpa at ikkje den kunstige intelligensen har overteke makta innan då. Sjølv teknologiske optimistar må balansera ynske om framgang med ansvarleg evaluering og etiske vurderingar.

Eg reiser meg og avsluttar kvelden med musikk frå tenesta Spotify, som har endra livet mitt. All verdas musikk er berre eit søk unna. No passer det vel med klassikaren til D:Ream frå 1990-åra, «Things Can Only Get Better»? Sjølvsagt i remiksa versjon. Eg syng med: «So teach me now that things can only get better.»

Det er synd at eg har vorte så gamal at eg ikkje får sjå korleis det vil gå. Tek kunstig intelligens over? Vil ein kunna leva evig i ei virtuell røynd? Eller er det klimakatastrofen som vil sletta oss ut før det skjer? Det skulle eg gjerne ha visst.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis