Kommentar
Europa i det tapande hjørnet
Donald Trump overkøyrer trufaste allierte og gamle alliansar. Europa kan vera på veg inn i ein kritisk periode.
Den andre presidentperioden til Donald Trump byrja mykje verre enn nokon hadde frykta. Ein av lovnadene han gav under presidentinnsetjinga den 20. januar, var å utvida territoriet til USA. Ingen tok dette alvorleg. Så viser det seg at han faktisk meinte det han sa.
I dagane etter presidentinnsetjinga for mindre enn to veker sidan har verda fått vita kva Trump hadde i tankane: Han ville leggja Panamakanalen under USA på ny. Canada er velkomen til å slutta seg til USA som ein ny delstat.
Samstundes starta det som gjer at me i Europa verkeleg kan bli skremde: Presidenten i USA starta ein ordkrig mot Danmark for å ta over verdas største øy, Grønland.
Mot Danmark brukte Trump det trugsmålet som har blitt varemerket hans, nemleg å innføra straffetoll om danskane ikkje gjer som han seier. Rett før presidentinnsetjinga hadde han ein telefonsamtale med Mette Fredriksen der han – om ein skal tru referata – vart midt sagt irritert på den danske statsministeren. På ein pressekonferanse nekta han å utelukka at han kunne koma til å bruka militær makt for å ta over Grønland.
Den beste allierte
Kven er det Donald Trump har retta trugsmåla sine mot? Det er Danmark, den medlemsstaten som ved sida av Storbritannia sterkast har støtta opp under den amerikanske utanrikspolitikken dei siste 25 åra. Etter den kalde krigen la Danmark ned invasjonsforsvaret sitt og bygde opp eit militærapparat med eitt mål for auga, nemleg å støtta operasjonane til USA og Nato utanfor det europeiske området.
På ein heilt annan måte enn til dømes dei norske styrkane utgjorde danskane spydspissen i fleire operasjonar i den tredje verda.
Gamle allianseband har ikkje så mykje å seia lenger dersom det går på kostnad av målet til Trump, nemleg å gjera USA større, slik han sa i innsetjingstalen. Sidan byrjinga av januar har det handla om Danmark.
Sist helg tala Trumps høgre hand, Elon Musk, på landsmøtet til AfD i Bonn. I talen sin hevda Musk at sivilisasjonens framtid står på spel om AfD, eit parti som er utelukka frå det gode selskapet i tysk politikk, ikkje vinn forbundsdagsvalet 23. februar. At den politiske leiinga i USA blandar seg inn i politikken til ein alliert stat på denne måten, har vore utenkjeleg fram til no.
Det me kan sjå føre oss i ganske nær framtid, er at Donald Trump set seg saman med Vladimir Putin for å drøfta framtida til Ukraina. Ved forhandlingsbordet kjem korkje dei europeiske Nato-landa eller Ukraina til å sitja. Om Trump meiner at han saman med Putin kjem fram til ein god avtale, vil han pressa denne avtalen ned på europearane og ukrainarane. Det kan han gjera fordi han har akkurat like lite vørdnad for tyskarar, franskmenn, britar og ukrainarar som han har for danskar.
I den førre presidentperioden til Trump såg me byrjinga på denne politikken. No har Trump teke med seg eit godt førebudd lag inn i Det kvite huset, og America first-politikken blir gjennomført konsekvent.
Me trudde at USA var den fremste garantien vår mot ytre aggresjon, men det syner seg at aggresjonen til Trump-regjeringa rettar seg mot Danmark, mot Canada og mot alle dei i Tyskland som ikkje har tenkt å røysta på AfD.
Dyre velferdsstatar
Korleis hamna Europa i denne situasjonen? Det handlar sjølvsagt om mykje meir enn ein krangel om ei nedfrosen øy, om tollsatsar og ein oppheta valkamp. Dei siste 20 åra har to statar i verda styrkt den militære og økonomiske makta si, nemleg USA og Kina. Ei tredje makt, Russland, heng etter når det gjeld teknologisk utvikling, men har brukt svære overskot frå sal av råvarer til å byggja opp eit sterkt militærapparat.
Europa har fylgt ei heilt anna oppskrift ved å byggja opp kostbare velferdsstatar der det var godt å leva, med solide rettsstatar, men dei er teknologisk lite innovative. Då invasjonen av Ukraina kom i 2022, var desse europeiske velferdsstatane jamt over ute av stand til å forsvara seg sjølve. Illustrerande var det at Russland, med om lag 144 millionar ganske fattige innbyggjarar, produserte fleire gonger meir militært materiell enn EU-landa, med 450 millionar mykje rikare innbyggjarar.
Den militære og økonomiske veikskapen til Europa var til å leva med så lenge det sat presidentar i Det kvite huset som verdsette alliansen med dei europeiske demokratia. Då Trump og laget hans flytta inn i Det kvite huset 20. januar i år, blei dette endra. Trump respekterer berre militær og økonomisk makt, nett som Vladimir Putin og Xi Jinping. Fordi europearane har lite økonomisk makt og nesten ikkje noka militær makt, blir dei ikkje respekterte korkje i Washington, i Moskva eller i Beijing.
Så kan ein stilla spørsmålet: Er det nokon veg ut av dette uføret? Eller for å spørja på ein annan måte: Kan Europa bli meir likeverdig med USA utan å bli likt det samfunnet som Donald Trump ynskjer å skapa?
Det som er klart, er at tida for dei låge forsvarsbudsjetta er forbi. Når den amerikanske militære garantien for dei europeiske Nato-landa i praksis er oppheva med Trump ved makta, er det vidgjetne toprosentmålet altfor lite til å skapa eit slagkraftig europeisk forsvar. Dersom Trump og Putin kjem fram til ein avtale i Ukraina, er det sannsynleg at europeiske militære må inn i Ukraina for å sikra landet mot ny russisk aggresjon. Berre det vil i så fall vera ei enorm utfordring.
Visna bort?
Så kjem eit mykje større og vanskelegare problem: Korleis kan Europa på nokre års sikt bli like innovativt som det USA og Kina er i dag?
Den tidlegare italienske statsministeren og sjefen for den europeiske sentralbanken, Mario Draghi, la i fjor fram ein rapport som tok opp problemet. Om ikkje Europa grip tak i den låge veksten, låg innovasjon og låge investeringar i framtidsretta industri, vil verdsdelen visna langsamt bort, sa han.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.