Samfunn
Ei historie om to tøffingar
Falske nyhende gjer ukrainarane hissigare. At Trump har stansa Usaid-løyvingane, har skapt så stort engasjement at dei ikkje bryr seg med kva anna som skjer.
Ukrainske redningsarbeidarar i Kyiv får nytt utstyr av United States Agency for International Development (Usaid). Trump har no kravd stans i Usaid-finansieringa i Ukraina.
Foto: Alina Smutko / Reuters / AP / NTB
Knappe to veker er gått sidan Donald Trump tok over som president, men verda skjelv allereie av dei nye geopolitiske konfliktane utløyste av den 47. presidenten i USA. Dansk Grønland kan stå overfor ei folkerøysting om sjølvstende eller om å underkaste seg USA. Canada kan bli offer for økonomiske sanksjonar. Panama, til liks med Colombia, kan òg gå vanskelege tider i møte.
Sant å seie blir det ikkje enkelt for nokon – i det minste ikkje i dei komande fire åra. Og for Ukraina vil det slett ikkje bli lett dei neste fire åra og i mange år etterpå. I staden får vi ein lang periode med økonomiske, politiske og moralske utfordringar.
Denne veka har ukrainarane halde fram med å overvake den langsame, men jamne framgangen for russiske styrkar i Donbas, medan dei diskuterer ein av dei siste ordrane frå Trump: eit 90 dagars opphald i finansieringa av US Agency for International Development (Usaid) og ein full gjennomgang av summane som alt er brukte.
Nesten samstundes med stansen i finansiering av prosjekta vart det bestemt ein førebels stopp i mottaket av ukrainske flyktningar. Det var ein viss sympati for folk som freista kome inn i eller bli verande i USA som flyktningar, ukrainske flyktningar, men stansen i løyvingar til Usaid vekte nesten vill entusiasme i delar av det ukrainske samfunnet.
Ein ung, men alt velkjend parlamentsmedlem frå Folkets tenar-partiet, Marian Zablotskyj, skriv: «Eg støttar heilhjarta stansen i alle Usaid-prosjekt og saumfaringa av dei. Det er no 112 slike prosjekt i gang i Ukraina, til ein verdi av 7 milliardar dollar, med årlege løyvingar. Alt ser ut til å vere i orden, men er det ikkje. Eitt problem er at så å seie alle desse prosjekta er reduserte til endelause konferansar, og difor er dei fånyttes og meiningslause. Men hovudproblemet er at storparten av pengane blir verande i USA som nettoforteneste for dei private selskapa som iverkset løyvingane.»
50 prosent av lesarane var einige med Zablotskyj og sette i gang ein ironisk kampanje med sorg og sympati for mottakarar av Usaid i sosiale nettverk. Den andre halvparten var positive til frivillige organisasjonar som samarbeider med Usaid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.