Essay

Trump-paradokset

President Trumps agenda er ofte høgreradikal. Samstundes minner angrepet hans på den globale nyliberalismen om det venstresida har etterspurt i fleire tiår.
  

Utsnitt frå «The Detroit Industrial Murals» av Diego Rivera frå 1932–1933, den gong Detroit framleis var eit verdsleiande industrielt kraftsentrum. I dag er store delar av Detroit ein postindustriell slum, og byen blei slått konkurs i 2013.
Publisert

Få ting har forma verda meir dei siste tiåra enn frihandel og globalisering. USA har heile tida vore garantisten for dette økonomiske systemet, gjennom institusjonar som landet har vore sentral i opprettinga av: Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Saman fremja dei det som ofte er blitt kalla «hyperglobalisering».

Handelsbarrierar og ulike former for proteksjonisme er blitt fjerna for å fremme deregulering, privatisering, konkurranseutsetting og global frihandel. Den såkalla Washington-konsensusen av 1989 – reglar for korleis land i økonomis krise skulle opptre for å få skikk på økonomien gjennom radikale marknadstilpassingar – drog verda i same, nyliberale retning.

Denne globaliseringa gav mykje meir marknadsmakt til internasjonale konsern som kunne maksimere profitt utan nasjonalstatens gamle stengsel. Overskot kunne flyttast rundt til land der det knapt var skatt, og selskapa organiserte seg i sinnrike, komplekse strukturar der det ofte var umogleg å spore dei reelle eigarane – som blei stadig mektigare og rikare. Industriproduksjon i Vesten blei i massiv grad flytta til fattige land i det globale sør, der lønningane var låge og selskapa i mykje mindre grad trong å ta omsyn til miljø, reguleringar, pensjonar, fagrørsla og så bortetter.

I teorien skulle den «spontane orden» (Adam Smiths usynlege hand) spreie velstand og verke utjamnande over heile verda. Alle skulle spesialisere seg, og marknaden allokerte ressursar dit dei gjorde jobben mest effektivt, ut frå teoriar om komparative fordelar og effektivisering.

Samstundes som store formuar blei skapte, var utviklinga negativ for mange næringar i mange mindre, fattige land. Lokale næringar blei ofte utkonkurrerte og utraderte. Globaliseringa førte til stor konsentrasjon av rikdom, og multinasjonale selskap erobra kvart hjørne av verda. Verda blei «flat».

Systemet såg ut til å vere rigga slik at dei sterke skulle bli sterkare, fordi dei hadde eit så stort forsprang når det gjeld informasjon, ressursar og stordriftsfordelar. Men at dei nyliberale teoriane ikkje stemte med røynda, førte sjeldan til noka kursendring. Det blei oftare hevda at marknadsreformene ikkje hadde gått langt nok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement