Kommentar
Amerikansk diktat i Ukraina
Donald Trump ser ut til å få Ukraina og Russland til forhandlingsbordet – på sine premissar. Når ein fredsavtale er klar, er det Europa som sit att med rekninga.
President Donald Trump heldt tale til Kongressen natt til onsdag 5. mars norsk tid. I bakgrunnen visepresident J.D. Vance og speaker i Representanthuset Mike Johnson.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Fyrst blei Volodymyr Zelenskyj audmjuka av Donald Trump og J.D. Vance for ei veke sidan. Eit par dagar etter sende Trump ut ei melding om at «denne fyren (this guy – det vil seia Ukrainas president, red.merk.) vil ikkje ha fred så lenge han har støtte frå USA. USA kjem ikkje til å tolerera dette særleg mykje lenger». Så, tysdag, vakna verda opp til nyhendet om at all amerikansk militærhjelp til Ukraina var stansa.
Det me såg, var ein tretrinnsrakett fyrt av for å tvinga Ukraina til forhandlingsbordet. Om ein lytta til den halvannan time lange talen Trump heldt i den amerikanske kongressen natt til onsdag norsk tid, ser det ut til at Ukraina har gått med på det amerikanske diktatet. Ifylgje Trump hadde han motteke eit brev frå Volodymyr Zelenskyj der Ukraina var «klar til å koma til forhandlingsbordet så snart som mogleg for å nærma seg ein varig fred».
Ingen garantiar
I den vidare prosessen fram mot ein fredsavtale inngår ikkje amerikanske garantiar for Ukrainas tryggleik. Derimot inngår det eit trugsmål frå USA om at ukrainarane vil bli kasta til ulvane om dei ikkje viser seg viljuge til eit kompromiss.
Ein kan sjølvsagt moralisera så mykje ein berre vil over det som har skjedd denne siste veka. Måten Trump og Vance handsama Zelenskyj på i Det ovale kontoret, manglar sidestykke i historia til moderne diplomati. Oppvisinga likna mest av alt på det som skjedde når ein ulydig vasall blei kalla inn til Vinterpalasset i St. Petersburg ein eller annan gong på 1700-talet. Folkerett tydde den gongen null og niks. Det einaste som hadde noko å seia, var rein makt. Denne makta ser det ut til at ukrainarane har bøygd seg for.
Å setja fram nokon spådom om det som skjer dei neste vekene og månadene, er på grensa til halslaus gjerning. Eit scenario er dette: Etter at amerikanarar, russarar og ukrainarar har forhandla, blir det laga ein avtale om at Russland får dei områda i Aust- og Sør-Ukraina som alt er erobra, det vil seia 20 prosent av Ukraina. Etter at avtalen er klar, rykkjer ei mengd med amerikanske ekspertar inn på det attverande ukrainske territoriet for å kartleggja ressursane av mineral og sjeldne jordartar. Om det går slik Trump håper, kjem fleire amerikanske selskap om ikkje altfor lang tid til å opna gruver og dagbrot på den ukrainske sida av den nye demarkasjonslina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.