Atomvåpen

Den ultimate avskrekkinga

Nato-alliansen kan vere i oppløysing. Er vi framleis verna av den amerikanske atomparaplyen?
 

Tre amerikanske krigsfly av typen F-35A Lightening II fotografert under Nato-øvinga «Steadfast Noon» på flybasen i Leeuwarden i Nederland. Flya kan bere taktiske atomvåpen.
Publisert Sist oppdatert

Den amerikanske presidenten Donald Trumps framferd overfor Ukraina og tilnærmingar overfor president Vladimir Putin skakar Europa i grunnvollane.

Medan norske og amerikanske soldatar denne veka har øvd side om side i Nato-øvinga «Joint Viking» i Troms og Nordland, har norske og europeiske politikarar vore i krisemøte. Medan Nato-maskineriet går sin gang, kan den politiske tilliten vere i ferd med å smuldre opp.

Den europeiske politiske leiaren som kanskje tydelegast har formulert redusert tillit til USA, er den påtroppande forbundskanslaren i Tyskland, Friedrich Merz. Kort tid før han vart vald, sa han at Trump-regjeringa ser ut til å vere likeglad med Europas skjebne. Han var spent, sa han, på om Nato framleis ville eksistere i noverande form når vi nærmar oss Nato-toppmøtet i slutten av juni.

Så tok han til orde for å utforske eit samarbeid mellom Frankrike, Storbritannia, Tyskland og andre for å erstatte den amerikanske atomparaplyen, som har vore eit konkret symbol på at USA vernar Europa mot russisk aggresjon.

Atomvåpen på basar

På Natos eigne nettsider kan vi lese om korleis atomvåpen heilt sidan starten har vore ein sentral del av den kollektive tryggleiken i alliansen. Dei første amerikanske atomvåpena kom til Europa i 1954, og alliansen brukte i etterkant fleire år på å diskutere korleis landa skulle dele ansvaret for dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement