Restaurering
83 år nesten utan varme og like friskt
På Utigard Lid i Øyfjell aust i Vinje hadde eit gamalt hus stått utan samanhengande varme i 83 år, frå 1916 til 1999, då Jon Rikard Kleven og kona Emilie Asplin flytte inn. Det gamle står framleis nesten som før, og ved sida har dei bygt ein ny og heilt moderne del.
Slik står huset på Lid i dag. Til venstre den fælande gamle årestova som Juvekongen bygde loft på i 1826, så gangen og kjøkkenet, bak ståande kledning. Kjøkkenet og stova til høgre bygde Rikard Berge rundt 1920. Den moderne delen som dagens eigarar fekk ferdig i 2014, står bak venstre del av huset.
Alle foto: Erik Solheim
I 1999 kom dei to – studerande ungdomar begge – til direkte primitive tilstandar etter dagens oppfatning. Vatn måtte dei hente i ein brunn ute. Om vinteren var det, her på 750 meter over havet, å moke vekk snø og hogge gjennom is for å få noko i bøttene. Også til doen måtte dei gå eit stykke, til eit lite hus av svære laftestokkar. Men verande vart dei. Tømmeret i stovehuset hadde klart seg godt gjennom dei 83 åra då her var folk mest berre i feriane. Då Jon Rikard fekk arbeid som advokat og Emilie som bygdelivsmeklar, vart det romslegare med pengar. Restaureringa kom i gang, av eit hus med ei soge i fleire etappar.
Juvekongen
I 1803 kjøpte Ole Halvorsen Juve garden og flytte husa lenger opp i bakkane, til ei flate med høgt utsyn over skogviddene og Litjønn. Ølstova, huset med varme i, var ei årestove – «fælande gamal», står det i ei bok om kjøparen. Veggstokkane minner om dei som var vanlege i mellomalderen.
Den nye eigaren gjekk mest under namnet Juvekongen, og det namnet lever enno. Boka om han kom i 1993, frå Støttelaget for Øyfjell bygdemuseum. Ole Halvorsen var fødd i magre kår i 1753, men etter giftarmålet med Bergit Jakobsdotter, sat han med fire gardar. Han braut mykje jord til åker og eng, mura steingardar og grov lange veiter like til han døydde 87 år gamal – etter å ha forslite seg på ein stor stein. I tillegg dreiv han handel, mest med krøter, og velstanden steig. Han betalte for alle i soknet den sølvskatten som den nye staten i 1816 skreiv ut til grunnfond i Noregs Bank, oppretta av Stortinget same året. Sølvskatten var i røynda aksjekjøp under tvang, etter at tanken om frivillig aksjeteikning frå folket fall i fisk.
Garden Lid kjøpte Juvekongen på veg heim frå Kongsberg etter ei vellukka handelsferd. Han bygde på loft (ivistoge) og sette inn peis med skorstein. Her fekk han, som i Juvestova på Vest-Telemark museum, Olav Torjusson til å dekorere med treskurd og måling innvendig, står det i boka om han. Eit hovudverk i norsk folkekunst, skriv Norsk kunstnerleksikon om rokokkomønstera i Juvestova. På Lid står alt i stova slik som Torjusson forlét det. Dette er no rommet for julehøgtid og andre viktige hendingar. Juvekongen bygde også ny løe og fjøs under same tak. Bygningen står framleis i tunet. Det same gjer eit tohøgda loft ut mot dalen, og så den gamle utedoen.
Ny eigar og utviding
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.