Reportasje
Då Vettisfossen vart freda
I 1924 vart Vettisfossen i Årdal i Sogn freda med kongeleg resolusjon av Høgre og Frisinna Venstre i regjering. Dette var første gongen ein foss fekk noko vern her i landet. Hundre år etter vart jubileet markert i Utladalen og på Vetti gard.
Avdalsfossen nær inngangen til Vettisgjelet held skogen vekke med sitt stadige vassgòv.Avdalsfossen nær inngangen til Vettisgjelet held skogen vekke med sitt stadige vassgòv.
Foto: Erik SolheimFoto: Erik Solheim
Fossen er ein viktig del av identiteten vår, sa ordføraren i Årdal, Christian Sønstlien, til rundt 150 frammøtte i sola over Vetti gard.
Han oppmoda om å minnast fortida, feire notida og forplikte famtida. Dei frammøtte fekk orientering om forvaltninga av Utladalen landskapsvernområde, om Vetti gard og om historia bak vern av Vettisfossen. Fleire flokkar tok seg opp til Vettismorki, til eit nytt utsiktspunkt ut i lufta over stupet ved fossen. Årdal kommune, Stiftinga Utladalen Naturhus, der det no er nasjonalparksenter, og Årdal Turlag var kanskje dei mest sentrale av arrangørane bak hundreårsmarkeringa.
Historia bak vedtaket starta i Hardanger. Den Norske Turistforening (DNT) hadde betalt mykje av kostnadene med ein turistveg frå Tyssedal i Sørfjorden opp til Ringedalsvatnet. Ned i dette vatnet rann to mektige fossar frå Hardangervidda, Tyssestrengene og Ringedalsfossen.
Frå 1860-åra vaks turisttrafikken til Odda. Stadig fleire dampskip kom med passasjerar i godt lynne over det dei såg. I hestevogner kunne dei fare vidare over Haukelifjellet til Telemark. Det eine hotellet etter det andre kom opp i Odda. Nokre brann ned etter kort tid.
Til sist, i 1896, stod eit nytt Hotel Hardanger ferdig etter ein byggjeperiode på ti månader og med 130 snikkarar i sving. Dette var ein rikt utrusta bygning i sveitserstil med grunnflate på 1600 kvadratmeter. På den tid hadde Odda elleve hotell. Hit kom den europeiske overklassen – sosieteten av kongelege, statsleiarar, kunstnarar og kjendisar.
Men så, i 1906, møtte 1000 mann opp i Odda med eit ærend som knekte turismen. Dei endevende store delar av strandbygda for å byggje karbidfabrikk, nye bustader og mangt anna. Karbid fekk dei ved å hete opp kalkstein i blanding med koks til over 1000 grader i lengre tid. Blanda med vatn vart stoffet til acetylen, som gjev sterkt lys når det brenn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.