Restaurering
Dei løfter Bryggen i Bergen for nye 200 år
Bryggen i Bergen står for det meste på areal som var salt sjø då Olav Kyrre skal ha grunnlagt byen i 1070.
Veggene er tette, med tømmer glatta med øks. Bjelkar er nye eller skøytte. Nye bord tettar golvet der dei gamle hadde smuldra. Boltar i veggen til høgre går gjennom opplengjer på andre sida for å halde laftestokkane på plass.
Foto: Erik Solheim
Lenge har bygningane utover i Vågen sige. I år 2000 starta dei med å løfte husa opp igjen og vøle ròteskadane på denne skatten som vart freda av Riksantikvaren i 1927 og fekk sitt namn på lista over den kulturelle verdsarven vel 50 år seinare, i 1979.
Mange år vil gå med til det omstendelege arbeidet. Stiftelsen Bryggen står for det praktiske og økonomiske under overordna styring frå Riksantikvaren, som finansierer rundt tre firedelar av eit årleg budsjett på nærare 20 millionar kroner. Tolv tømrarar er i sving. Forfallet er langt på veg stansa; vøling har vore i gang sidan 1962. Bryggen er i bruk av kunstnarar, handverkarar, organisasjonar, butikkar og andre som finn seg vel til rette på skeive golv og mellom vegger som slepper frisk luft inn i romma. Utan ekstra isolasjon går det likevel mindre energi til å halde Bryggen i bruk enn det som er vanleg forbruk i næringsbygningar med lågenergistandard – 90–100 kWh/kvadratmeter på Bryggen mot 115–120 etter dei moderne måla, fortel Bernt-Håvard Øyen. Han er direktør for Stiftelsen Bryggen, som eig 38 av dei 62 freda husa som står att.
Naustbuer
Bryggen var på tusentalet ei samling einhøgda og torvtekte naustbuer halvveges oppe ved Øvregata. Dette var stolpehus. På 1200-talet kom lafteteknikken og tok over, bygningane vart etter kvart høgre og hadde svalgangar over første høgda. Rekkjene låg tett. Nye hus måtte komme utover i sjøen. Der stod dei på bolverk av krysslagde stokkar og med stein inne i kara. Kvart hus var ein særskild eigedom. Mellom rekkjene var det smale passasjar for gjennomgang. Dei som levde her, var handelsfolk. Tørrfisk, tran og skinn kom frå Nord-Noreg, mjøl, glas, vin og mangt anna frå utlandet. Verksemda gav store inntekter, og Bryggen vaks. Nokre kjøpte seg inn for skyhøge summar. Ovanfor rekkjene kom det på 1200-talet opp steinmura hus til lagring av særleg verdfulle varer. Dei står der like heile. Og seks kyrkjer skal dette samfunnet ha reist. Bergen var ein internasjonal hamneby med stor omsetning. Tyskarane melde tidleg sine interesser. Hansaforbundet hadde eige kontor på Bryggen i nesten 400 år, frå 1360 til 1754.
Berre steinkjellarane og Mariakyrkja står igjen frå mellomalderen. Brann slukte fleire gonger mykje av den tettbygde trebyen. I 1702 låg på lag alt i oske. Men handelsmennene – no også bergenske borgarar – bygde straks opp igjen, etter same mønster som før. Opparbeidde rettar og avtaler gjorde det nesten uråd å endre noko. Desse rekkjene frå 1702 fekk stå i fred til 1898. Då hadde tørrfiskhandelen minka mykje, og nye interesser ville rive det gamle og byggje nytt i mur. Dei fekk det som dei ville, og nesten halve Bryggen vart radert vekk i sør. Ein brann i 1955 gjorde fleire rekkjer i nord til inkjes. Nokre stod våte i augo av flammane, andre møtte opp for å nyte logane. Bryggen var ute av bruk, i forfall og lite påakta. I femtiåra hadde arven etter tyskarane låg status.
Arkeologiske utgravingar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.