Restaurering

¿ Dei rustar opp verdsarven i Sogn

Vel 530 meter over sjøen ligg garden Nedbergo nord for Undredal i Aurland kommune i Sogn. Tunet ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. No er fleire hus igjen komne på trygge fundament og under tette tak.

Det tette tunet på Nedbergo ligg vel 500 meter over Undredal. Dei to stovehusa står øvst, med det torvtekte stabburet til høgre og den nyvølte ostebua til venstre. Låven står på nye murar med brunt platetak. Nedanfor ligg låven som har sige i hop.
Det tette tunet på Nedbergo ligg vel 500 meter over Undredal. Dei to stovehusa står øvst, med det torvtekte stabburet til høgre og den nyvølte ostebua til venstre. Låven står på nye murar med brunt platetak. Nedanfor ligg låven som har sige i hop.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Stien til Nedbergo startar på svarte steinar i fjøra. Han ligg under høgt gras som liksom vil dekkje over fara etter dei tusen stega gjennom hundreåra. Stien er berre eit trakk i marka; nokre stader har dei lagt steinar til støtte for foten. Ein times tid tek det før tunet kjem til syne i ei skråning som er litt mindre bratt enn skogen og trelause stup nedanfor. Men jorda er djup og næringsrik under blomsterengene. Insekta svirrar, humlene surrar.

Her dyrka to familiar med 15 menneske 12 tønner korn og 45 tønner poteter i 1845. Ei tønne bygg vog 90 kilo, ei tønne poteter 98 kilo. Dei hadde 12 kyr og 45 småfe, sauer og geiter. Bøar og åkrar var på rundt 45 mål. Det heiter om folket på Nedbergo at dei sat godt plasserte i kyrkja. Lokalhistorikaren Åsmund Ohnstad skriv at garden vart teken opp i eldgammal tid. Éi forteljing går ut på at dei første kom dit frå fjellet, ikkje frå fjorden, til berga der nede.

Skrivne kjelder vitnar om busetjing på 1600-talet, då av éin familie. I 1830 vart garden delt i to. Alle flytta ned til Undredal i år 1900 og sette seg opp hus og fjøs der. Men bøane på Nedbergo slo dei, og dei førte høyet ned til sjøen på løypestreng med to strengar og motvekt på den som ikkje bar lasset. Seinare fekk dei seg motordriven taubane. Over fjorden rodde dei avlingane. I krigsåra 1940–45 tok folket igjen bustad i høgda, på det eine bruket vart dei der til 1950. Slåtten heldt dei på med til 1964.

Minner om klyngjetun

Husa på dei to bruka ligg tett, dei minner om eit klyngjetun. To likearta stovehus med kjellar under, står ved sida av kvarandre med ramen ut mot fjorden. Dei har lenge hatt tak av bølgjeblekk og held seg godt. Det eine er truleg frå 1700-talet, står det i ein eigen restaureringsplan for verdsarvområdet. Det andre kom opp rundt 1835, etter at garden vart delt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement