Restaurering
Dei vøler tunet og ryddar garden på nytt
Lenge stod husa på garden Øvregarden i Sør-Aurdal med ei usikker framtid. Låven seig over rotnande botnstokkar. Skogen tok seg inn over bø og beite. Så kom Guro og Stein Ivar Øvergaard, og snart lysna det i tunet.
På Øvregarden har dei fått eit romsleg kjøkken med ein mektig peis. Innvendig er tømmerveggene kledde med ståande bord.
Alle illustrasjonar: Erik Solheim
Begge har eksamen frå landbrukshøgskulen, no Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, og dei hadde sine yrke etter utdanninga. Men dei har lenge hatt interesse for gamle hus, og dei ville gjerne drive gard. Å slå seg til i eit byggjefelt? Nei. Så var det slik at Stein Ivar var den einaste Øvergaard som kunne berge verdiane i det som var bygt i tun og teig.
Husa ligg 710 meter over havet, ei lita mil frå Bagn i grenda Leirskogen. Men ikkje meir avsides enn at skulebussen går like nedanfor. Stein Ivar eig òg ein gard nede i dalen. Der driv han med mjølkekyr, som gjev ein del av pengane som trengst til opprustinga heime. Øvregarden vart rydda i mellomalderen. Men lenge før hadde folk hatt livet sitt i skogane her. Lenger oppe i åsen ligg ein bronsealderhaug, og ei mil vekke har steinaldermenneska rista figurar i berg.
Stova
Dei gamle husa står på ein slak rygg i eit ope firkanttun. Første taket var å få skikk på stovehuset, der dei skulle bu. Bygningen var reist i 1856, og han var stor den gongen. Ei forklaring er truleg at dei hadde nokre dugande tømrarar som husmenn på garden. Dei var billegare enn leigde snikkarar. Romdelinga er noko annleis enn den vanlege utvidinga av den akershusiske stova. Det var ei årestove med to eller tre rom og inngang direkte til stovedelen. Då dei på 1700-talet fekk skorstein til peis eller jarnomn, gjorde dei den einhøgda stova større. Nokre bygde på ei høgd til, andre lafta også ei ny stove til endes.
Eit hefte om gamal byggjeskikk i Sør-Aurdal viser fleire variantar av utviklinga frå den eldre stova. På Øvregarden følgde delar av skikken med til ein heilt ny bygning. Huset har to rom i breidda. Tilbygget som nede hyser inngangen, kom opp i 1945 og er i tråd med vanen 200 år tidlegare. Under heile huset er det kjellar innanfor kistemurar som delvis er 2,5 meter tjukke. Oppå dei står to høgder og loft. Til høgre for inngangen ligg eit romsleg kjøkken med ein mektig peis. Veggene er grønmåla på glatt vegg av breie, ståande bord inne på tømmeret. Til venstre har dei fått plass til bad og litt anna som høyrer det moderne livet til. Rett fram er dør inn til storstova. Gamle vegger står som dei var bygde. Nokre golv er nye, men av fure, som før. Arbeidet tok eit par år, og dei flytta inn i 2003.
Låven
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.