Mat
Den fyrste olje
Mirakelet skjer igjen, krokusen og blåklokka spirer, knoppar skyt ut overalt, og det er blitt tid for lettare kost.
Tomatar, her saman med brørne sine: kvitlauk, urter og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Vinter i Noreg handlar ofte om tyngre mat. Raudt kjøt, godt smør og feite stykke av dyret skal få oss gjennom den lange og brutale fimbulvinteren, som denne gongen var mykje lengre og mykje meir fimbul enn nokon kan like.
Me har brote handledd og lårbein på hålka, frose på oss neglesprett, moka snø, dytta naboens bil og banna høgt mot sky, men no er det lyspunkt. Mirakelet skjer igjen, krokusen og blåklokka spirer, knoppar skyt ut overalt, og det er blitt tid for lettare kost.
Vi får igjen hug til tomatar, og sjølv om det neimen ikkje er lett å få til skikkeleg smakfulle eksemplar i drivhusa våre, så finst det råd likevel. Eit godt eit handlar om olivenolje. Eg kom over ei gamal oppskrift hos det forvitnelege Spiselandslaget, og gjekk i gang:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.