Restaurering

Eit gamalt tun nyreist i blomstereng

Dei fekk ord på seg for å vere galne. Berit og Arne Nefstad ville restaurere tunet på Sørre Hemsing i Valdres. Forfallet var kome langt då dei tok over garden i 1995.

I ei solvend skråning nord for Vangsmjøsa ligg Sørre Hemsing. Frå venstre gammelstøga, uppistoga med tilbygt kjøkken og buahuset. Bak ligg fjøset med torvtak og løa til høgre.
I ei solvend skråning nord for Vangsmjøsa ligg Sørre Hemsing. Frå venstre gammelstøga, uppistoga med tilbygt kjøkken og buahuset. Bak ligg fjøset med torvtak og løa til høgre.
Publisert

To år etter var dei i gang. Sidan har dei vølt éin støl og fem hus i tunet.

Sørre Hemsing ligg om lag 540 meter over havet og litt nord for austre delen av Vangsmjøsa i Vang kommune. Tunet er eit av få i Valdres som står nær uendra av det moderne etter slutten av 1800-talet. Berit og Arne kom på høg tid. Forfallet hadde gått sin gang i fleire tiår.

Bygningane ligg i eit firkanttun med stovehusa øvst og fjøset nedanfor i skråninga, ein vanleg skipnad i bygda. Eldst er gammelstøga frå 1600-talet, no eit hus med akershusisk plan og svai i taket ut mot ufsa. Takforma er ein skikk som kom frå Vestlandet, meiner Arne Nefstad. Heilt sidan vikingtida har ferdsla gått over Filefjell mot Lærdal og det vestnorske, og nye tankar følgde med over viddene, begge vegar. Akkurat som aust og vest for Haukelifjell, har byggjeskikken i Sogn og Valdres teke preg av kvarandre.

Årestove

Gammelstøga var truleg frå først av ei årestove med tre rom. Slik var den vanlege skikken mellomalderen i det meste av landet. Røyken frå åren slapp ut gjennom ein ljore i taket. Omgrepet akershusisk er etter Eilert Sundt, men eigentleg er det litt for snevert. Hustypen vart vanleg over store delar av det indre Austlandet, på Sørlandet, i indre Sogn og i Nord-Noreg, skriv Arne Lie Christensen i Den norske byggeskikken. Då dei sette inn peis eller jarnomn og skorstein på 1700-talet, kunne dei utvide huset i høgda, eller berre byggje lem over romma. Dei vart kvitt røyken utan ljore. Peis vart vanleg i skogstroka. Ved kysten, der pengeøkonomien var først ute, vart kjøpeomnen meir vanleg. Han trong mindre ved. I den akerhusiske skikken vart utdøra då flytta frå eit mindre oppvarma rom til eine langveggen i stova. Den tidlegare gangen kallar dei no vasskleve, ein stad for vatn, kjerald og anna utstyr. Utanfor den nye døra inn til stova bygde dei ofte ei innkledd sval, til vern mot kulde og drev.

På Sørre Hemsing ligg bjelkane som ber lemmen over stoverommet, på langs av huset. Stutte bord ligg i ei grøyp, eit spor som fjølene er pressa inn i frå eine enden av bjelkane. På sidene skrånar borda i lemmen litt ned. Der er ikkje loft oppå, men stova vart nok varmare når rommet fekk mindre høgde. Både veggene og lemmen er måla, og ein del av inventaret har både utskjeringar og rosemåling. Nokre stokkar nedst i dei lafta veggene måtte Arne skifte. Og svala ved inngangen er kopiert etter den som stod der i ubrukeleg stand. Peisen og skorsteinen tok dei ned og bygde opp att slik som det hadde vore, med ei hylle oppe i sida, ein sup, der tyristikka brann og gav litt meir lys inne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement