Teknologi
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Det er kald krig ute. Me smågutane sit inne i det varme mørkeret i kinoen. Me gler oss til reklamen, som ofte er betre enn filmane me ser. Det byrjar med infernalsk radiostøy. Så vert ein mikrofon synleg. Dinest vert scena utvida, og me ser to sovjetiske generalar eta potetgull for harde livet. Det er altså Maarud som driv støysendaren i Kyiv som kveler signala frå Radio Free Europe.
No er det ikkje lenger russiske generalar i Kyiv, men Ukraina er omringa av russarar som brukar elektromagnetisk krigføring for få eit militært overtak. Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden. Alle desse apparata brukar det elektromagnetiske spektrumet, anten radiobylgjer eller ljos- og varmebylgjer.
Elektromagnetisk krigføring kan grovt sett delast i tre. Ein kan hindra fienden i å bruka det elektromagnetiske spektrumet med jamming. Dinest kan ein utnytta at fienden nyttar det elektromagnetiske spektrumet, for å finna og nøytralisera dei. Det siste ein må sørgja for, er at eigne styrkar kan få bruka det elektromagnetiske spektrumet til kommunikasjon og målstyring av våpen.
Krashukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane. Det er ein lastebil fylt til randa med elektronisk utstyr. Han har høgfrekvente støysendarar i 10–20 GHz-området for å blokkera kommunikasjon med dronar, satellittar, missil og kommunikasjon frå flygande kommando- og eldleiingssentralar, så som Awacs-flya til amerikanarane.
For lågare frekvensar, 0,1–2 GHz, vert R330Zh Zhitel brukt. Han jammar lågbanesatellittar, GPS og mobiltelefoni i ein radius på eit tital kilometer. Både GPS og satellittkommunikasjon er lett å forstyrra, sidan signala deira er svake.
Neste jammar i Russlands arsenal er RB-341V Leer-3. Han forstyrrar VHF- og UHF-signal for sivil mobiltelefoni og militær taktisk kommunikasjon over fleire hundre kilometer. Også RB-341V Leer-3 er lastebilbasert og kan jamvel utvide området sitt for jamming med Orlan-10-dronar, som også kan utstyrast med støysendarar. RB-341V Leer-3 vert også nytta til å senda falske meldingar og propaganda i mobilnettet ved å kidnappa det lokale mobilnettet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.