Kultur

Fritt spelerom

– Eg trur min nisje er at eg ikkje har nokon nisje, seier bassist og komponist Ellen Brekken.

Ellen Brekken har spelt tuba i teaterframsyningar og byter mellom elbass og kontrabass i ulike band og prosjekt. Biletet er teke på Oslo Nye Teater.
Ellen Brekken har spelt tuba i teaterframsyningar og byter mellom elbass og kontrabass i ulike band og prosjekt. Biletet er teke på Oslo Nye Teater.Ellen Brekken har spelt tuba i teaterframsyningar og byter mellom elbass og kontrabass i ulike band og prosjekt. Biletet er teke på Oslo Nye Teater.
Publisert

Den første gongen eg høyrde Ellen Brekken spele live, var på Parken kulturhus i Ålesund fredag 8. mars 2019. Då var gitaristen Hedvig Mollestad på heimebane saman med dei to andre i trioen hennar: bassist Ellen Brekken og trommeslagar Ivar Loe Bjørnstad, alle i kjole.

Eg var ikkje åleine om å få bakoversveis av den drivande, energiske musikken og la spesielt merke til den dansande bassisten.

Fire år etter konserten i Ålesund, men etter å ha høyrt henne i andre samanhengar, møter eg Ellen Brekken på Kaffistova i Oslo ein grå tysdag føremiddag.

Ho spelar framleis i Hedvig Mollestad trio, men som den allsidige bassisten ho er, er banda og prosjekta mange. No er ho sjef i eige band òg, jazzkvartetten A Tonic for the Troops. Men kvar tok det heile til?

Ellen Brekken voks opp i ein familie på Tynset der alle på farssida spelte i korps. Ti år gammal byrja ho å spele baryton, men gjekk over til tuba eit par år seinare. Ikkje lenge etter fatta ho interesse for bassgitaren til onkelen, og snart hadde ho og nokre jamaldringar starta band. Når korpset hadde musikalar på programmet, bad Ellen om å få byte ut tubaen med elbassen.

– Etter kvart spelte eg både i storband og symfoniorkester. Og så var Ungdommens kulturmønstring viktig. Der fekk vi testa ut mykje forskjellig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement