JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«På veg ut av butikken treffer Ragnhild dessverre Haldis»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3132
20240308
3132
20240308

Tomt for ved (5)

På veg ut av butikken treffer Ragnhild dessverre Haldis, som ho ikkje har sett snurten av på år og dag. Det kjennest ikkje rett å berre strene forbi, så ho seier hei. Haldis ser ut som ho alltid har gjort, og stiller seg opp slik at ho står i vegen for andre folk som skal inn i butikken.

Ho har ingenting positivt å komme med, verken frå eige eller andre sitt liv, så det er lite som har endra seg der i garden. Ho emjar om kor fælt det var at mannen til syster til Ragnhild strauk med for tre år sidan, og det var det jo, men det verkar mest som om ho ser på det som hennar store oppgåve her i livet å minne seg sjølv og andre på triste ting. Haldis snakkar framleis irriterande lågt, slik at Ragnhild må konsentrere seg for å forstå kva ho seier.

Etter noko som verkar som ei æve, klarer ho endeleg kome seg frå. Ragnhild set posen med varene i passasjersetet og startar bilen. Ho sjekkar nøye til både høgre og venstre og gjev gass slik at bilen skyt ut frå parkeringsplassen. Tyngda av posen med varene gjer at alarmen som seier frå at setebeltet må festast, pip og blenkjer. Ragnhild ensar det ikkje, berre køyrer på, for no ligg ho etter skjema.

Det regnar meir og meir, det har byrja å skumre, og av og til kjem eit kraftig vindkast. Det store spørsmålet er om det har dauda heilt ut i omnen når Ragnhild kjem heim. Vindaugsviskarane verkar berre på full fart, og den bakre starta plutseleg av seg sjølv. Ragnhild aner ikkje kva knapp ho kan ha vore borti.

Når ho bremsar ned for å ta av frå fylkesvegen og byrje på den lange bakken opp mot huset, veltar posen med varene. Fyrst hamnar pakken med Kornmo Original på golvet, så kjem appelsinane og det andre etter. Ho høyrer at det knasar.

I det lengste håpar ho at ikkje bilen til Hjalmar står i tunet. Ragnhild kunne tenkt seg å snakke litt med Olav og Tor utan han til stades. Men det fyrste ho ser, er den grøne Mazdaen til Hjalmar. Det byrjar å bli litt i meste laget, men korleis seier ein til folk at ein synest dei må komme litt sjeldnare på besøk? Nemner ho det for Olav, vert han berre sint.

Ragnhild stoppar bilen og legg merke til at døra til vedhuset er open og står og svingar att og fram i vinden. Ho går rett bort for å sjå kva dette er for noko. Fyrst sjekkar ho kroken som skal halde døra på plass, og augeskruen han skal nedi, om han kan ha losna, men alt ser fint ut. Ho slår på lyset og skjøner med ein gong at det har vore folk her og teke feil ved. Eg har sagt til dei at veden til høgre berre skal liggje og tørke, seier ho til seg sjølv. Ragnhild skal til å snu seg og gå tilbake til bilen då ho høyrer noko som freser. Ho blir ståande og myse inn i den delen av vedhuset der det er som mørkast.

– Hallo? seier ho og får ei kjensle av å ikkje vere åleine.

Ingen svarer, men før Ragnhild klarer tenkje noko meir, ser ho konturane av noko som kjem flygande. Ho blir treft i brystet og andletet, mister brillene og ramlar bakover og ut i regnet. Ragnhild kjenner klør i kinna, får panikk og skrik og veiftar med armane. Det svir, og blodet piplar ut.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis