Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«Sist Ragnhild og Olav handla, må det ha skjedd ein glipp, for alt i går var det tomt for kaffi.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3236
20240301
3236
20240301

Tomt for ved (4)

Sjølv om det er laurdag og ikkje torsdag, som er den faste handledagen til Ragnhild og Olav, svingar Ragnhild innom butikken etter å ha levert nokre basarpremiar til Renate som skulle vore leverte for lenge sidan. Mor til Olav har strikka førti par sokkar, men hælen var visst litt vanskeleg denne gongen, ein kan sjå hòla etter fellingane på fleire av dei. Men det er ikkje berre der det har gått gale. Sist Ragnhild og Olav handla, må det ha skjedd ein glipp, for alt i går var det tomt for kaffi. Det er mest som ho mistenkjer at nokon har vore innom kjøkenet og stole. Men kven skulle det ha vore?

Dei lurar nok på kor eg har teke vegen, der heime, tenkjer Ragnhild. Men eit hus utan kaffi går ikkje an. Det er merkeleg å gå rundt åleine mellom hyllene utan Olav diltande etter seg, ikkje har ho handlelapp heller. Ragnhild skriv alltid ein handlelapp som det berre er ho sjølv som kan lese og forstå noko av. Den fylgjer ho nøye.

Olav har ikkje peiling på kva som finst i kjøleskapet, eller kor mykje som må handlast inn for å ha nok til å lage fleire middagar på ei veke. Hans oppgåve er å ta med ei eske til å ha varene i og bere ho ut i bilen medan Ragnhild betaler. No er Ragnhild her heilt åleine og sviv rundt, utan Olav, eske og handlelapp. Før ho veit ordet av det, ligg det ein pakke med Kornmo Original i korga.

Innimellom undrar ho på om det er hennar feil at sonen Tor verkar fullstendig utan evne til å ta sjølvstendige grep i kvardagen. Men kva bidreg eigentleg Olav med? Han kunne gjort betre val av førebilete enn å la Hjalmar henge rundt heile tida. Dei er tremenningar, seier han, så det er familie, men det er jo nummeret før han flyttar inn.

Tilbod på Gräddost, det er dumt å la den sjansen gå frå seg, og appelsinane ser gode ut.

Ragnhild lurar på om det berre er noko Olav har funne på? At Hjalmar er familie, det verkar rart, han veit jo knapt når syskena har bursdag, og kvifor har han ikkje meir kontakt med dei?

Jammen er det ikkje halv pris på brød frå i går… Og der er kaffi.

Ho tenkjer at det er på tide at sonen snart får seg noko å gjere igjen, at han riv seg laus og held fram sitt eige liv. Han kunne flytta inn i gamlehuset, som ein start, men det er jo plass nok heime, det er ikkje det… Tor har blitt så vaksen.

Til slutt hiv Ragnhild kyllingvengjer i korga som sonen liker så godt å knaske på, det er jo trass alt laurdag.

Ragnhild ringjer Olav. Han brukar alltid så lang tid på å ta telefonen fordi han plent må høyre ferdig riffet til Deep Purple som han har til ringjetone. Ho set Olav på høgtalar og prøver å få han til å forstå at han skal skru på steikjeomnen, men det verkar ikkje som om beskjeden går inn. Til slutt står ho og ropar der inne på butikken før ho legg på.

Ragnhild ser ein pose nokon har gløymt att, ho reagerer raskt, tek posen og puttar han i lomma. Det er han som aldri klarer å køyre varene på bandet langt nok ned, som sit i kassen.

– Treng du pose?

– Nei, eg har med, svarar Ragnhild og smiler.

På veg ut dukkar ein stabel med tennbrikettar opp i sidesynet, og Ragnhild kjem på at ho ikkje bar inn ved før ho gjekk.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis