Restaurering
Lafta hus – trearkitektur som nådde store høgder
I Noreg nådde laftebygginga sitt høgdepunkt i Europa.
Eit telemarksloft på Su-øygarden i Rauland. Den lafta kjernen går opp frå stabbane. Kring heile kassen i andre høgda er der sval, nede berre i fronten, inngangen. Ståande tiljer dekkjer svalgangane. Slike hus bygde dei lenge etter mellomalderen.
Alle illustrasjonar: Erik Solheim.
I Mellom-Europa og Sør-Skandinavia levde dei førhistoriske stavhusa vidare gjennom mellomalderen med stokkar eller bord mellom stavane og som utmura bindingsverk.
Lenger nord og på dei store austviddene i Europa kom lafteverket med nye tider.
Dette er eit viktig poeng for tidlegare riksantikvar Roar Hauglid i boka Laftekunst. Sør i Europa hadde dei drive med ei slags lafting så tidleg som i den yngre steinalderen, ein gong mellom 2000 og 4000 år før Kristus. Fart i denne byggjemåten hos oss vart det likevel ikkje før det nærma seg vikingtida. Her gjekk ættesameiget og storfamiliedrifta over til oppdelte gardar.
Hus og tun skifta ham
Langhuset på storgarden vart til fleire små. I byane stod dei nye bygningane gjerne i rekkjer. I Russland er røykomnen minst tusen år gamal. Gradvis kom han inn i norske stover òg. Røyken låg framleis under taket.
Sjølv om funna er for få til å byggje sikre oppfatningar på i eitt og alt, meiner fagfolka at i alle fall hovudtrekka er nokolunde klare.
I sitt store verk Norske tømmerhus frå mellomalderen har Arne Berg gjort greie for 130 lafta bygningar med eitt rom frå den tida. Tre av dei er frå før 1350, før svartedauden. Dei eldste av husa som enno står, er av tre med ulike dimensjonar frå det eine til hitt. Ein del stokkar er runde som treet, andre har oval form, dei er magetelgde. Somme fekk to stokkar i veggen ved å kløyve treet. I eit bur (matlager) i Vinje målte Berg høgda opp til 65 centimeter mellom meddraga. Nedst i veggene ligg trapesforma svillstokkar, som regel høgre enn dei som kjem lenger oppe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.