Mat

«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»

Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Publisert

Eg har vore i Sogn att. Eg fekk nemleg også i år lov til underhalde det årlege Wittgenstein-seminaret som går av stabelen ved det historiske Walaker Hotell, Noregs eldste og eit av dei aller finaste.

Som i fjor tok bilen oss med på ein trolsk tur gjennom det brutalt vakre landskapet, me tok stikkvegar utanom tunnelane der det var mogleg, og dermed fekk me gleda av å sjå mellom anna Borgund stavkyrkje, som eg tidlegare berre har sett på frimerke. Eit makelaust byggverk som òg har si mørke historie, om dei nyfødde borna som vart gravlagde der utanfor vigsla jord. Eg trong ikkje nokon turistguide for å fortelje meg dette, for sjåfør Tone veit jo alt som er verdt å vite når me tek denne køyreturen. Ho er jo det reinaste leksikon, både om naturen rundt og attraksjonane. Eg lærer noko nytt kvar einaste gong.

Serveringa ved Walaker var som vanleg prikkfri og velsmakande, sjølv om eg kanskje vil pirke lite grann i at dei, som så mange andre kjøken no for tida, nesten alltid serverer rotgrønsaker og anna tiltugg som purear. Eg likar det jo, men det kan verte for mykje. Me har jo tenner, enn så lenge. Eg heiar på dei som vågar å gå attende til reinare og enklare smakar, der grønsakene heller får skine som dei er.

Det er vel og bra og sjølvsagt nødvendig å distansere seg frå husmannskosten, men iblant er det forfriskande å oppleve kjøken som går tilbake til røtene, som dei gjer på museumskafeen i Fagernes, der me begge gongene stoppa på halvvegen: Her vanka det både klubb, blodklubb og fårikål, og ikkje minst medisterkaker med kokte poteter, tyting og surkål – og det i porsjonar som heldt sjåføren og meg stappmette heilt til me var framme. Apropos fårikål – også i år beitte han feit og fin på fire bein på dei saftiggrøne jorda langs vegen. Vakkert var det òg å sjå store flokkar med skotsk høglandsfe i Lærdal. Du må jo elske ein oksekalv med Beatles-sveis!

Tradisjonellnorsk husmannskost er jo naturleg nok fri for kvitlauk, som vel ikkje gjorde inntog her i landet for alvor før på slutten av åttitalet. Eg har mange gonger tenkt, før eg sovnar om kveldane, at lesarane mine kanskje vert litt lei av at eg nesten alltid tilfører kvitlauk i rettene – og eg tek gjerne sjølvkritikk. Eg lovar med dette å kome med oppskrifter utan kvitlauk! Ein gong i framtida.

Eit av dei morosamaste minna eg har om mat, er forresten då eg smugla mengder av kvitlauk i maten under ein middag då eg studerte i Tromsø. Året var 1984. Der var kvitlauken bannlyst, eg vil påstå at dei hadde like sterke fordomar mot kvitlauk som dei har mot makrell, desse staute og bestemte folka i nord. Det har endra seg no, i løpet av førti år – i alle fall når det gjeld kvitlauken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement