JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Lekre linser

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Puylinser held forma godt under koking og er derfor også eigna i salatar.

Foto: Dagfinn Nordbø

4250
20240209
4250
20240209

I Det gamle testamentet står det skrive at Jakob, son til Isak og Rebekka, var litt av ein lurifaks. Vel å merke då han var ung. Seinare vart han stor ære til del, om me skal følgje dei religiøse skriftene, han vart visstnok utpeikt som stamfar til heile det israelske folket.

Men i ungdomen, då tvillingbroren hans Esau ein gong var særs svolten, lurte Jakob frå han fyrstefødselsretten for ein rett linser. Og sidan linser og andre belgfrukter er ei god proteinkjelde som fint kan nyttast i staden for kjøt, vart Esau kanskje like mett av det måltidet som om det hadde vore kjøt i suppa, for om eg hugsar rett, gav Jakob han brød òg.

Førre gong her i Matmonsen laga me suppe med bønner og røykt svinekjøt, og no skal me gjere det utan kjøt, men med linser. Det er nesten ikkje måte på kor sunn og vital eg er vorten i det siste, og det er vel lite som kallar på gloheit suppe som ein fimbulkald februar.

At linser er billeg kost, er også perfekt i denne krevjande månaden etter jul, då mengder av snø og rekningar dalar ned frå himmelen i eit bankande køyr. Eg stør meg denne gongen på oppkomet Nagi Maehashi. Ho held til i Australia, og eg har hatt stor glede av matsida hennar i mange år.

«At linser er billeg kost, er også perfekt i den krevjande månaden etter jul, då mengder av snø og rekningar dalar ned frå himmelen i eit bankande køyr.»

Som vanleg skal du blanke grønsaker i olje: éin lauk, to–tre stilkar selleri og tre mellomstore gulrøter i terningar. Eit stalltips om du har knapt med tid i vekedagane, er å gjere denne prosessen på søndagar eller fridagar, med ein større porsjon sofrito som kan vere grunnlag for fleire rettar. Det held seg i mangfaldige dagar på kjøl.

I denne suppa treng du òg fire–fem fedd kvitlauk, som du pressar eller finhakkar. Så seier Nagi at du skal ha i ein boks hakka tomatar, men nei du, Nagi, eg vil seie to. Samstundes har du i laurbærblad og 400 gram linser, eg brukte raude denne gongen, og halvannan liter kraft, same kva type, men ei heimelaga kylling- eller hønsekraft gjev sjølvsagt ekstra sus over sakene.

Krydringa er opp til deg – eg lagar sjeldan suppe utan eitt eller fleire dryss av chili, denne gongen både den milde franske Piments de Espelettes og vanlege tørka chiliflak. Nokre teskeier paprika gjev både god smak og farge, det same gjeld fiskesaus og worcestershire-saus, dei magiske små flaskene som gjev umami og underverk i kvar ein slik rett.

No skal det småkoke til linsene og grønsakene er heilt møyre. Det kan ta kort eller litt lengre tid – mine linser viste seg å vere snarkokte, eg hadde i farten gløymt å lese på andre sida av pakken, så det tok svært få minutt. Dei vart litt mosa, linsene, men det gjer ingenting i ei suppe.

Ha i salt og nykverna pepar, og smak så til heilt til slutt før servering med skalet og safta av ein heil sitron. Dette siste punktet må du for all del ikkje gløyme, for det er verkeleg prikken over i-en. Og vil du ha meir fylde, tilset litt smør og fløyte heilt på tampen.

Kva no med ein forrykande linsesalat? Då bruker du helst grøne puylinser, dei lekre franske på bildet, som held forma si godt under koking og derfor ikkje er så passande til supper og curryar.

Kok 200 gram slike grøne linser i ein kvart liter kraft og same mengde vatn saman med ein oppdelt selleristilk, raspa sitronskal, eit heilt fedd kvitlauk og laurbærblad. Tjue minutt er passe koketid, pass på å ikkje overkoke. Til salaten treng du ein kvart kilo delte cherrytomatar, ein stor agurk, ein finhakka raudlauk, ei handfull kvar av fersk bladpersille og koriander og 100 gram fetaost.

Bland linsene og grønsakene. Salaten legg du på ei seng av rucola. I eit glas med lok lagar du dressingen ved å riste saman to teskeier sitronskal, to matskeier sitronsaft, to teskeier dijonsennep, ein god klunk extra virgin olivenolje pluss litt salt og pepar. Om du vil, kan du òg ha i ørlite sukker. Fetaen smuldrar du over salaten før du har i dressingen.

Eg trur Esau ville vorte nøgd, for dette er ein eventyrleg velsmakande salat. Han fekk kan hende ikkje att fyrstefødselsretten sin, men ifølgje skrifta vart han forlikt med bror sin seinare i livet. Og då er vel alt som det skal vere.

Dagfinn Nordbø er tekst­-
forfattar og satirikar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis