Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Skogens gull

Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.

Foto: Dagfinn Nordbø

3460
20240927

Dette treng du til fire personar:

400 g lang pasta (den du likar)

300 g traktkantarellar
eller 50 g tørka

2 ms smør

2 sjalottlauk (finhakka)

2 fedd kvitlauk, eller meir (finhakka)

Ein boks fløyte

1 dl riven parmesan, gjerne meir

Frisk timian eller bladpersille (om du har)

Salt og pepar, etter smak

Litt sitronsaft

Det har vore ein formidabel sopphaust, og enno er det ikkje over. Aviser og sosiale medium er breiddfulle av sopp i alle fargar og fasongar, og folk og fe kan fortelje om himmelske skogturar der dei nesten ikkje maktar å bere heim all fangsten.

Om du sjølv ikkje kjem deg ut i skogen, kanskje fordi kroppen nektar å bøye seg bratt ned med baken i vêret, kan du nett no få tak i råvarene i butikken, til ein rimelegare pris enn vanleg.

Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken. Det er jo ei særs praktisk løysing: Mot å høyre tolmodig på litt av det sedvanlege gnålet om kor mykje strev og arbeid det er å ha hytte, vert eg lønt med skogens gull i lange banar. Ei framifrå ordning.

No har eg frysaren full av traktkantarell, og i tillegg mengder av herleg tyting, som blir rårørt med brunsukker til viltmiddagane seinare på hausten. Dette er det eg vil kalle å vere privilegert. Soppen kan gjerne tørkast, om du vil, men når det gjeld traktkantarell, plantar eg dei berre rett i frysen – resultatet vert like bra om du til dømes lagar sopp- og laukblanding, suppe, stuing eller ein pastarett med fløyte og parmesan, som er dagens oppskrift.

Nyttar du tørka sopp, legg dei i varmt vatn i tjue minutts tid. Ta vare på soppkrafta og frys ho gjerne ned, for det er ein fin smakssetjar i sausar, stuingar og supper til vinteren. Sil av soppen og klem ut vatnet, og dermed kan du nytte soppen nett som han er fersk.

Er det fersk sopp du brukar, må du reinsa han godt, men det har jo det flittige hyttefolket alt gjort for meg – eg er ein heldig pamfilius. Så kokar du pastaen din i salta vatn etter tilvisinga på pakken. Hell av vatnet når han er ferdigkokt, men spar på om lag ein desiliter av pastavatnet.

Smelt smøret i ei djup steikjepanne på middels varme. Tilset traktkantarellane og steik dei i om lag fem til sju minutt, til dei er gylne og møyre. Ha i sjalottlauk og kvitlauk, og steik vidare i eit par minutt til lauken er mjuk.

Så skal du lage sausen: Hell fløyten over soppen og lauken, og lat det småkoke i fem til sju minutt eller til fløyten tjuknar lite grann. Smak til med salt og pepar, men hugs at parmesanen også bidrar med salt. Ha eventuelt i litt riven muskatnøtt eller ein klem sitronsaft for å få ekstra friskleik.

Så må du hugse det italienarane alltid seier: Ikkje ha sausen i pastaen, men pastaen i sausen! Vend den kokte pastaen inn saman med riven parmesan. Er sausen no for tjukk, kan du bruke litt av resten av pastavatnet for å få nett den konsistensen du ønskjer. Dryss over frisk hakka timian eller bladpersille før servering, det gir ekstra smak og farge.

Denne retten er den reinaste umamibomba og kjem til å gjere stor lukke både hos store svoltne gubbar, matglade damer og kresne småtroll. Umamien frå traktkantarellane og parmesanen dannar saman ein heilag symfoni, og då burde jo alt liggje til rette for noko nær den perfekte middagen. Gjerne på hytta!

Dagfinn Nordbø er tekst­forfattar og satirikar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis