Med ei god kjensle av levd liv på Vesås
På garden Vesås, eit tun på ei flate over dyrka bakkar i skogen like nord for Vinje kyrkje, har Åsne Vesaas og Rune Bergstøl med tre born teke bustad i det nyleg vølte stovehuset. Fleire andre bygningar ventar på ei hjelpande hand.
Senger og skåp, klassisk innreiing med måling frå 1979. Innreiinga er som skikken var då dei, mange stader på 1700-talet, skifta ut åren med peis og bygde loft over stova.
Lytt til artikkelen:
Dette er garden som diktaren Tarjei Vesaas vaks opp på. Utsynet er vidt over fjell og åsar. Det kom bilveg til tuns frå aust i 1952 og frå vest under Tokkeutbygginga i 1960-åra. Snaue to kilometer er det no frå europavegen gjennom bygda. I eldre tider måtte dei ta seg fram til fots, men då etter ein kortare sti. I dette tunet budde allsidige handverkarar. Bestefar til diktaren heitte òg Tarjei. Han var ein kjend vevstolmakar og fann opp tekniske utbetringar til vevinga og på fleire jordbruksreiskapar. Sonen Øystein var rosemålar og er omtala som multikunstnar av dei som i 2008 skreiv ein biografi om han, Åsta Østmoe Kostveit og Øystein Kostveit. Øystein Vesaas samla stoff til eit bokverk i tre bind – Rosemaaling i Telemark – som Riksantikvaren gav ut. For dette fekk forfattaren Fridtjof Nansens pris for framståande forsking. Det var Øystein som selde garden Midtbø til Tarjei. Seinare budde rosemålaren ikkje langt frå Vesås, på garden Lofthus i Bøgrend, der Henrik Sørensen og Harald Kihle ofte hadde opphald, til glede og inspirasjon.
Årestova
Etter det som har vore sagt, skal eldste delen av bustadhuset på Vesås vere ei årestove frå 1600-talet, og dette er no daglegstova, etter at huset i 1835 vart utvida i lengda og høgda. Peisen og den faste innreiinga er slik det var vanleg å gjere det når årestova fekk himling og loft oppå. Veggstokkane er av grov skog og magatelja – dei har oval form – som var vanleg i mellomalderen. Men det var ikkje vanleg at årestovene var i bruk så seint som på 1800-talet. Nokre spørsmål om denne historia står kanskje opne.
Ved sida av stova er eit kammers som ein periode hyste Vinje Sparebank, skipa av Vinje heradsstyre i 1909. I 1920 vart Eivind Vesaas, bror av diktaren, tilsett som kasserar. Etter ein skade då han var fjorten år, var han ikkje god til beins, og det var ikkje aktuelt å ta over garden. Banken med bøker og verdiar hadde han der han budde. Dit måtte kundane ta seg fram til fots. Først i 1938 fekk banken råd til å byggje eige hus.
No har Åsne og Rune fått seg eit stort og lyst kjøkken innanfor dei veggene som stod der. Også taket på huset er nytt, og dei har funne plass til vaskerom og bad. Men stova står uforstyrra, med veggfaste senger og skåp, rosemåla så seint som i 1979 av Olav Fossli frå Rauland. Ein tidlegare dekorasjon vart måla over. Omringa av benker og kubbestolar står eit solid bord. Under stova er det potetkjellar, og luke i golvet for å komme ned. Tidlegare var skikken å ta potetene inn i stova og tørke dei før dei vart sende ned i kjellaren gjennom to hòl i golvet, eitt for dei store og eitt for dei små.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.